Her er ny vekrapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 10.


Planlegg nytt anlegg for karbonfangst

Plan- og miljøutvalet (PMU) vedtok torsdag oppstart av detaljregulering for Smeheia CO2-anlegg og at planprogram for Smeaheia vert lagt ut til offentleg ettersyn. Saka skal behandlast i plan- og miljøutvalet den 7. mars. Det vart også gjort vedtak om moglegheitsstudie for nyskapande anlegg på Ågotnes og detaljregulering for Nordre Maimyra, Brattholmen.
Les meir.

Nasjonal merksemd om barnevern

Øygarden kommune har fått nasjonal merksemd det siste året om korleis  barnevernstenesta har svart på kritikken til det norske barnevernet i den Europeiske menneskerettsdomstolen. Ved hjelp av prosjektmidlar frå Statsforvaltaren har kommunen saman med andre kommunar utvikla verktøy som skal bidra til ny praksis. Dette går fram av tilstandsrapport for barneverntenesta 2023 som levekårsutvalet tok til orientering på møtet onsdag.
Les meir.

Fekk innføring i planvask

Kommuneplanutvalet fekk denne veka innføring i prosessane om planvask. Dette handlar om å rydda i arealplanane, for å få ei enklare byggesaksbehandling, men også å ta vare på naturen.
Les meir. 

Vi treng fleire menn som meddommar eller skjønnsmedlem

Vi treng fleire menn meddommarar til tingretten, lagmannsrett og jordskifteretten i tillegg til skjønnsmedlemmer for perioden 1.1.2025 – 31.12.2028. Vi har fått nok kvinner. 
Les meir.

Lysregulerer Godviksvingene

Godviksvingene vert opna for ordinær trafikk i retning mot Askøy. Trafikk frå Askøy og Godvik som skal i retning Bergen må køyra riksveg 555 i retning Bergen som følgje av endringa. Endringane trer i kraft i løpet av denne veka (10). Mot Bergen vil det berre vera tillate med busstrafikk. Bussane vert prioritet i lysreguleringa.
Les meir.

- Stor stas å få besøk av ordføraren

Anna Bothilde Børnes venta på ordførar Tom Georg Indrevik på onsdag, og den 101 år gamle spreke dama frå Klokkarvik venta ikkje forgjeves.
- Eg har det svært godt her på Sundheimen, seier jubilanten. Det vart ikkje ordførarbesøk på 100-årsdagen, og difor vart det feira skikkeleg då ho i dag (6. mars) fylte 101 år.
Les meir. 

Generasjonsbrua - Gratis mobil- og datahjelp til eldre

Treng du hjelp til f. eks. oppretting av e-post, senda e-post, opprette bankID, slå av lommelykta på mobilen, forstå ulike appar og nettsider, forbetre pc- og mobilferdigheiter og anna teknisk hjelp? Vi er her for deg!
Les meir.

Invitasjon til Kultur- og idrettsgalla

I ei stilfull ramme ønskjer vi å gjera stas på den mangfaldige kulturen i Øygarden. Kultur-, frivillig- og MOT-til-å-glede-prisen skal delast ut på gallaen. Møt opp i kultursalen i Øygarden rådhus fredag 15. mars kl. 17.30.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (10)

  • 04.03.:  Interne møte
                 Fylkesmøte KS (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
  • 05.03.:  Fylkesmøte KS
  • 06.03.:  Møte med Trigger
                 Helsing til delegasjon frå Krosno
                 Besøk 100-åring
                 Intervju – Anita Apeltun Sæle
                 Middag med delegasjon frå Krosno
  • 07.03.:  Vekstkonferansen
                 Møte med Helse Bergen
                 Møte med Stiftelsestilsynet om Fjell festning
  • 08.03.:  AU-møte Høgre,  Teams
                 Møte om utbygging av idrettsanlegg
                 Møte med OPS
                 Kvinnedagsarrangement
  • 09.03.:  Opning av utstilling – galleri Bildøy
                 12 rette-finalen

Ordføraren neste veke (11)

  • 11.03.:  Interne møte
                Online møte med Krosno
                Møte med Storhilleren velforeining
  • 12.03.:  Møte Vestland fylkeskommune
                 Møte med innbyggar
                 Status Skogsskiftet
                 Formannskapsmæte
                 KPMG,
  • 13.03.:  Oning av Energimessa
                 Møte med Glesvær rorbuer
                 Middag med styret i Kreftforeningen
  • 14.03.:  Møte med Kommunal komite på Stortinget 
                 Hovudstyremøte KS (KS: fellesorganisasjon for
                 kommunane)
  • 15.03.:  Hovudstyremøte KS
                Kultur- og irdrettsgala
  • 16.0.:   Seminar for samarbeidspartia

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (10)

  • 04.03.:  Interne møte
                 Strategisamling KS (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
  • 05.03.:  Strategisamling, fylkesmøte KS
  • 06.03.:  Trigger
  • 07.03.:  Kvinnedagen CCB
                Møte med Helse Bergen
                Middag med polsk delegasjon
  • 09.03.:  Skyttarfest

Varaordføraren neste veke (11)

  • 11..03.:  Interne møte
  • 12.03.:   Status skogsskiftet
                  Formannnskapsmøte
  • 13.03.:   Kulturutvalget (fylket)
                  Årsmøte Sotra mållag
  • 14.04..   Fornybarkonferanse
  • 15.03.:  Styre og strategisamling Vest Næringsråd
                 Kultur og idrettsgalla
  • 16.03.:  Fleirtallssamling