Fekk innføring i planvask

Kommuneplanutvalet fekk denne veka innføring i prosessane om planvask. Dette handlar om å rydda i arealplanane, for å få ei enklare byggesaksbehandling, men også å ta vare på naturen.

Frå møtet i kommuneplannemnda 5. mars - Klikk for stort bileteFrå møtet i kommuneplannemnda 5. mars

Lisbeth Selstø (areal- og samfunnsplan), Kari Lie Sollien (dele- og byggesak) og Tonje Kyrkjeeide  Aasebø (areal- og samfunnsplan) orienterte utvalet om prosessen med planvask. Dette er ein metode for systematisk og strategisk gjennomgang av alle eldre reguleringsplanar. Målet er å få eit plangrunnlag som er oppdatert opp mot dagens kunnskap, politikk og lovverk. Det er også eit mål at planane skal gje uttrykk for ønskt utbygging i områda. Arbeidet skal gje ein viktig gevinst for både tilsette, kundane, kommunen og samfunnet.

Mange planar er registrerte og evaluerte

Administrasjonen har registrert totalt 564 planar. 493 av desse er evaluerte ut i frå om dei er i samsvar med lovverket. 140 planar er ikkje bygde ut, eller er berre delvis utbygde. Det er utdaterte føresegner i om lag 50 prosent av planane. 178 planar er endra etter vedtak. Samla sett viser evalueringa at det er behov for å rydda opp i planane til kommunen. 

Det skal gjerast politiske vedtak om planane skal opphevast, vidareførast, erstattast eller endrast. Grunneigarar som vert påverka av arbeidet, får høve til å medverka før politisk vedtak. 

Arbeidet med planvasken vil strekkja seg over fleire år, men dei første planane vil kommunen ta fatt på i 2024. Nokre av planane som vert oppheva, skal kunna erstattast av arealformål i ny arealdel til kommuneplanen. 

Her kan du sjå opptak frå møtet.


Vigleik Brekke