- Her er det godt å vera!

Søstrene Anastasiia Manzenko og Yevheniia Bezrodna smilte breitt då dei ønskte oss velkomen inn i huset på Ågotnes ein fin vinterdag i januar. Saman med dei tre barna er dei mellom dei 232 flyktningane og fordrivne som er busette i Øygarden i 2023.

Desse fem har fått husvære på Ågotnes. Yevheniia Bezrodna held sonen Fedir i fanget. Til høgre; Anastasiia Manzenko med borna Sofiia og Mariia. - Klikk for stort bileteDesse fem har fått husvære på Ågotnes. Yevheniia Bezrodna held sonen Fedir i fanget. Til høgre; Anastasiia Manzenko med borna Sofiia og Mariia.

Inklusive 232 flyktningar i 2022, har Øygarden kommune busett om lag 430 flyktningar dei to siste åra. Dei alle fleste er komne frå Ukraina. I februar skal kommunestyret ta stilling til kor mange flyktningar kommunen skal ta imot i 2024. 

Rådgjevar i Ukraina-prosjektet, Kristoffer Møvik, opplyser at dei det har vore eit kraftig trykk dei siste månadene. 

-  Av dei 200 ukrainske fordrivne i 2023 vart halvparten busette i løpet av dei tre siste månadene. Det var hektisk og mykje armar og bein den siste tida før nyttår. Dette har sett tenesteapparatet på prøve, og kommunen har vore nøydd til å tenkja nytt og annleis i arbeidet med busetjinga, seier Møvik.

Sonen til Yevheniia, Fedir (2) leikar med døtrene til Anastasiia, Sofia (8) og Mariia (4) i eit eige rom i huset. Leiker var allereie på plass då dei kom til bustaden 21. november etter eit tre månader langt opphald på eit mottak i Lyngdal. Begge familiane kjem frå Kherson sør i Ukraina. Byen var på eit tidlegare tidspunkt i krigen okkupert, men er no under ukrainsk kontroll.

 - Hadde ikkje drøymt om dette

Mannen til Anastisiia jobbar i Ukraina, medan mannen til Yevheniia kjempar i krigen mot dei russiske styrkane.

- Eg har litt kontakt med mannen min på telefon eller SMS. Dersom han er i visse sonar, er kontakten avgrensa til SMS, slik det er akkurat no. Eg håpar krigen vil ta slutt snart, men eg er redd for at det vil ta tid, seier Yevheniia.

Dei to søstrene gjev uttrykk for stor takksemd for at dei har fått kome til Øygarden og denne bustaden. Etter nyttår starta Mariia og Fedir i Ågotnes barnehage, medan Sofia har teke til i introduksjonsklassen på Knappskog skule. 

- Vi hadde ikkje drøymt om at vi skulle få ein så fin plass. Vi har det godt her i huset med varme frå varmepumpe og vedomn, og det er lett å koma til barnehagen. Er véret dårleg, kan vi ta bussen. Elles går vi til og frå barnehagen.

Borna har eige leikerom - Klikk for stort bileteBorna har eige leikerom

Familiane har allereie møtt helsesjukepleiar og fått god helseoppfølging og gjennomført primærundersøking. 

- Dei spør oss om alt, smiler Anastisiia.

Familiane kjem frå ein del av Ukraina som har eit anna klima enn Noreg.

- Det var spesielt for Sofia (8) som fekk prøva seg på skeiser for første gong i ei tilfrosen elv ved skulen, seier Anastisiia. I introduskjonsklassen på Knappskog skule har Sofia berre etter ei veke vorte nærare kjent med ei syrisk veninne.

- Eg opplever at vi vert tekne svært godt imot. Dette er eit vakkert land, seier Yevheniia. 

Frå 1. februar skal foreldra ta fatt på introduksjonsprogrammet i regi av NAV. For tida går dei på norskkurs på dagtid på Øygarden vaksenopplæring (20 timar i veka).

- Vi er interesserte i å læra norsk. Først må vi læra språket, deretter kan vi tenkja på å få jobb,  seier dei to søstrene som begge er tydelege på at dei må prioritera barna, norskopplæring, introduksjonskurs og heimearbeid framfor diverse kultur- og idrettsaktivitetar i denne fasen.

Ukraina-prosjektet vert leia av Monica Pedersen. Rådgjevar Kristoffer Møvik og prosjektmedarbeidarane Tetyana Omelyanyuk og Kirsten Syljeset arbeider på fulltid med busetjing av flyktningar. 

Omfattande arbeid

Det å busetja flyktningar og fordrivne er eit omfattande arbeid som krev innsats frå store delar av den kommunale organisasjonen. Øygarden bustadstifting KF har ansvar for framskaffing av bustader og klargjering og møblering av bustader. NAV skal innvilga økonomisk støtte til familiane og har ansvaret for introduksjonsprogrammet og formidling til arbeid. Les meir om dette her. 

Øygarden vaksenopplæring har ansvaret for gje tilbod om norskundervisning. Helsetenesta/flyktninghelsetenesta følgjer opp helse og undervisning ICDP, barnehage og skule skaffar plass i barnehage og skuleplassar (innføringsklassar), innbyggartorg, bibliotek og informasjon er arenaer for informasjon/informasjonsmøte, kultur og frivilligheit rekrutterer barn og unge til aktivitet, og pensjonistar bidreg med å skaffa møblar og klargjering av bustader.

Familien saman med medarbeidarar i Ukraina-prosjektet; Kristoffer Møvik og Tetyana Omelyanyuk - Klikk for stort bileteFamilien saman med medarbeidarar i Ukraina-prosjektet; Kristoffer Møvik og Tetyana Omelyanyuk

Prosjektarbeidar Tetyana Omelyanyuk har vore knytt til denne tenesta sidan sommaren 2022. Ho understrekar at Ukraina-prosjektet handlar om meir enn å gje husvære. 

- Vi hjelper ukrainske flyktningar utover umiddelbare behov. Vi ønskjer å gje dei ei god integrering i samfunnet. Det er stort for meg å bidra til deira reise mot eit tryggare og meir stabilt liv, seier ho.

Tetyana meistrar både ukrainsk og russisk, og hennar språkkunnskap er svært viktig i hennar daglege møte med dei fordrivne frå Ukraina. Ho gjev dei informasjon om ulike støtteprogram og hjelper enkeltpersonar til å få tilgang til ulike ressursar. Det handlar mellom anna om folkeregistrering, bestilling og aktivering av buypass-ID, etablering av bankkonto, hjelp til å fylla ut søknad om økonomisk stønad og bustønad, for å nemna noko.

- Dette er ikkje berre ein jobb for meg. Eg opplever det som ei forplikting til å gjera ein meiningsfull forskjell i liva til flyktningane. Det er eit personleg oppdrag til å skapa ein positiv endring og kjensle av håp for dei som har møtt så mykje motgang, seier Tetyana Omelyanyuk.

Skaffar bustader

Også Jan Atle Jacobsen og Ørjan Espevoll i Øygarden bustadutvikling KF var med på besøket til Anastasiia Manzenko og Yevheniia Bezrodna.

Jan Atle Jacobsen og Ørja Espevoll, Øygarden bustadutvikling KF - Klikk for stort bileteJan Atle Jacobsen og Ørjan Espevoll, Øygarden bustadutvikling KF

- Vi framskaffar bustader til ukrainarane og andre flyktningar. Vi har dialog med huseigar og ordnar dei kontraktsmessige forholda. Dette er eit arbeid som kan ta ganske mykje tid. Når ein familie kjem, ser vi korleis familien er samansett opp mot kva bustader vi har disponible, seier Ørjan.

Øygarden bustadutvikling er ein viktig samarbeidsaktør for Ukraina-prosjektet. I tillegg til å framskaffa bustader, syter kommuneføretaket for at husvære er møblerte tilpassa familiane.

- Det er eit puslespel å få dette til, men vi har ein løpande kontakt og har jamlege fellesmøte med Ukraina-prosjektet. Kommuneføretaket betalar husleiga til huseigar, og vi inngår framleigekontrakt, seier Jan Atle.

Møblar og utstyr

To tidlegare tilsette, Terje Handal og Trond Birkelund, er stadig på farten og syter for at husværa er møblerte og har nødvendig utstyr når flyktningane skal busetjast. Dette vert gjort i eit tett samarbeid med ein koordinator og Øygarden bustadutvikling KF. Trond har også ansvar for transport av elevar og barnehagebarn.

Terje Handal og Trond Birkelund fraktar møbar frå private heimar og leverandørar. - Klikk for stort bileteTerje Handal og Trond Birkelund fraktar møblar frå private heimar og leverandørar.

- Vi får gjerne melding frå det kommunale føretaket om at det er utstyr og tilgjengelege møblar i private heimar eller hjå møbelleverandør. Aktuelt utstyr er vaskemaskinar, kjøleskap, fjernsyn i tillegg til møblar, seier Trond.

I nokre tilfelle vert utstyr og møblar køyrt direkte til det aktuelle husværet. Det er mest vanleg å mellomlagra utstyret og møblane på gamle Telavåg skule.

- Det er serviceavdelinga hjå Øygarden bustadutvikling som monterer møblane, men i nokre tilfelle hjelper vi til. Vi får mange fine ting, men det er viktig at det vi får er tilpassa brukarane. Eg må seia at vi møter stor velvilje og mange hyggelege folk i dette arbeidet. Og så jobbar vi svært godt saman og har det triveleg, seier Terje.

Leiar av Ukraina-prosjektet Monica Pedersen seier at for å lukkast i arbeidet med busetjing og integrering av flyktningar er det krav til at heile tenesteapparatet må samhandla på tvers av einingar og kommunalsjefsområde. 

- Øygarden har aldri busett så mange flyktningar som dei to siste åra, og innsatsen frå tenestene har vore formidabel. Gjennom prosjektet og koordinering av innsatsar har ein lukkast med å finna gode løysingar samstundes som ein har halde gang i ordinær drift. Det er all grunn til å vera stolt av innsatsen, seier ho.

Her er fleire bilete:

Barn leikar - Klikk for stort bilete
Barn leikar - Klikk for stort bilete
Frå heimen - Klikk for stort bilete
Frå heimen - Klikk for stort bilete
Barn - Klikk for stort bilete
Barn leikar - Klikk for stort bilete
Frakting møbar - Klikk for stort bilete


 
Tekst: Vigleik Brekke
Bilete: Tetyana Omelyanyuk og Vigleik Brekke