Gode tilbakemeldingar frå næringslivet

Kommuneplanutvalet (KPU) fekk tysdag denne veka oppsummering frå medverknadsmøtet med næringslivet den 19. februar som handla om arealdelen til kommuneplanen.
- Næringslivet er i all hovudsak positiv, sa samfunnsplanleggjar Eli Janette Fosso.

Beate Bjelland på talarstolen - Klikk for stort bileteBeate Bjelland (H), som er nestleiar i kommuneplanutvalet, var mellom dei som gav positiv tilbakemelding på medverknadsmøtet med næringslivet 19. februar. Ti høgre; utvalsleiar Svein Otto Jacobsen.

I arbeidet med arealdelen til kommuneplanen handlar det for tida om kunnskapsgrunnlaget. Dette skal gje grunnlag for å laga utkast til strategiar om utvikling.

God respons på medverknadsmøte

Eli Janette Fosso gav ei oppsummering av møtet med næringslivet den 19. februar. 72 personar deltok på møtet, og det kom inn ni innspel i etterkant i portalen. Tilbakemeldingane er at areala i sjø er for små og at ein må unngå konflikt ved at ein mellom anna tek omsyn til hytter og bustader. Det er ønske om å utvikla fleire hubbar og grøne bransjeklynger. Les meir frå møtet her.

- Nokre er også opptekne av at vi tek vare på mindre verksemder og kysttradisjonen. Det er behov for større område til akvakultur og skjelsand. Det er ønske om fleire fleksible areal til akvakultur og behov for å revidera føringar som i ligg i dagens sjøplan, sa Fosso.

Det er ønske om at vi styrer arealbruken slik at det ikkje blir konflikt mellom næring, bustad og naturinteresser. Landbruket må prioriterast framfor at dyrka mark vert bygd ned. Dette er viktig både for noverande og framtidige beiteareal. Det må leggjast til rette for eit variert næringsliv som inkluderer aktivt kystlandbruk, kulturliv, reiseliv og opplevingar. Det er behov for sterkare fokus på og prioritering av reiselivet

Dei som tok ordet på møtet gav uttrykk for at møtet med næringslivet den 19. februar var eit konstruktivt møte og takka administrasjonen for gjennomføringa. Utvalsleiar Svein Otto Jacobsen (Frp) håpar det kan leggja seg til rette for eit tilsvarande møte til hausten.

Omfattande næringsliv i Øygarden

Rådgjevar på plan, Sven Selås Kallevik, stilte spørsmål om kva som skal til for å utvikla næringslivet. 

Det er over ni tusen dekar næringsformål i Øygarden fordelt på 86 næringsområde. I tillegg kjem sentrumsområde, forretningsområde, akvakultur, fiske, tenesteyting m.m. 

- Alver og Øygarden har vesentleg meir næringsformål enn til dømes Bergen. Anlegga på  Kollsnes og Stura krev mykje areal. Det er ein god del ledig areal på eksisterande næringsområde, og spørsmålet er korleis vi kan utnytta eksisterande areal betre, sa han.

Han minna også om at det er målkonfliktar. Noreg har forplikta seg på Parisavtalen og Montreal-avtalen om vern av natur. Det er eit paradoks å byggja ned natur for å utvikla grøn industri.

Utfordringar for havbruksnæringa

I 2020 tinga fellesnemnda ein rapport som analyserte moglegheitene for framtidas akvakultur i Øygarden. Denne er ikkje tilstrekkeleg skreddarsydd for kommuneplanprosessen som går føre seg i kommunen no.

Sven Selås Kallevik viste til ein rapport som er utarbeidd av Emilie Louise Vik: Kunnskapsrapport for planlegging i sjø (november 2024). Denne rapporten viser kva kommunen kan gjera i sjøområda våre. 

I dag er det 18 lokalitetar for lakseproduksjon, tre setjefiskeanlegg og to slakteri i Øygarden. I tillegg har Øygarden ni lokalitetar for lavtrofiske. Desse har som regel anlegga seinka ned, og produksjon går første seg på botnen og i vassøyla. Døme på dette er kamskjell- og tareproduksjon.

- Nokre stader ligg lokalitetane tett. Mattilsynet tilrår fem kilometer avstand mellom anlegga, opplyste Selås Kallevik. 

Øygarden ligg i to produksjonsområde; Karmøy til Sotra og Nordhordland til Stad. For tida er begge områda klassifisert som raude etter trafikklyssystemet. Lakselus har medført over 30 prosent dødelegheit blant villaks. Denne høge smittegraden gjer det utfordrande å vidareutvikla akvakulturnæringa i regionen. 

- Vi kan ikkje auka biomassen (meir fisk). Produksjonsmengda må ned med seks prosent. Samfunnsdelen til kommuneplanen seier at vi skal leggja til rette for berekraftig, fleksibel og framtidsretta havbruk. Vi utfordrar næringa til  bidra med innspel om kva som er dei beste lokalitetane. Spørsmålet er kva rolle kommunen skal ta, sa han.

Regjeringa har for tida ute eit høyringsnotat om bruk av nedjustert kapasitet i havbruksnæringa. Rapporten vert venteleg presentert denne våren. Det handlar om heilskapleg forvaltning av akvakultur for berekraftig verdiskaping.

- Det vert jobba med ei miljøfleksibilitetsordning der ein går frå tradisjonelle produksjonsmetodar til bruk av null og lågutsleppsteknologi, sa Sven Selås Kallevik.

Les meir om arbeidet med arealdelen til kommuneplanen her.


Tekst og foto: Vigleik Brekke