Er startlån noko for deg?

Kommunen møtte innbyggarar på  startlånsdag på innbyggartorget og biblioteket på Straume på fredag 9. februar. 

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete

Om lag 25 familiar/enkeltpersonar stakk innom for ein uformell samtale om låneordninga. 

Det var ei god blanding som stakk innom for uformell startlånsprat, både yngre i 20-åra og godt vaksne over 70 år.  Ingen fekk behandla lånesøknad på staden, men det vart gitt generelle råd og informasjon. 

Kva er startlån

Startlånsordninga er eit samarbeid mellom kommunen og Husbanken.  Det kan gjevast startlån både til ny bustad, tilpassing eller utbetring av eksisterande bustad.

Det er ingen krav til eigenkapital for å få startlån, men du må kunna dekka utgiftene på startlånet ved sida av andre nødvendige utgifter. Kommunen og Husbanken skal ikkje konkurrera med private låneinstitusjonar. Får du lån i vanleg bank, kan du ikkje få startlån hjå kommunen.

Er startlån noko for deg? 

Ta gjerne kontakt med kommunen for å snakka om startlån. 
Startlån - Øygarden kommune