Fakta
- Startlånsmidlar i 2022: 85 mill.
- Tilskotsmidlar i 2022: 5 mill.
- Tal husstander som søkte i 2021: 292
- Tal innvilga søknadar 2021: 52
Kven kan få startlån/tilskot?
- Personar/familiar med langvarige problem med å finansiere eigen bustad og med stabil inntekt over tid
- Personar/familiar med særskilte helse og/eller sosiale utfordringar, som påverkar busituasjonen
- Mottakar av trygd/offentlege stønadar
Kven er IKKJE i målgruppa for startlån?
Kven vert prioritert for startlån/tilskot
- Barnefamiliar
- Unge uføre
- Eldre som bur i ueigna bustad
Kven må/kan søkje saman/medsøkjarar?
- Ektefellar og par i sambuarskap må alltid søkje saman. Vert ein av partane registrert som ‘bebuar’, kan søknaden ikkje behandlast og vert trekt.
- Søknadar frå personar i annan type relasjon vert ikkje godkjent (t.d. vener, foreldre, søsken osv.)
Kva kan finansierast med startlån?
For personar i målgruppa kan startlån kan brukast til
- Kjøp av bustad
- Refinansiere med pant i bustaden og innanfor verdien av bustaden (kan berre innvilgast èin gong)
- Kjøpe ut ektefelle
- Tilpasse/utbetre bustad
I nokre tilfelle kan kommunen kombinere startlån med kommunale tilskot til tilpassing.
Kor mykje kan du låne?
I Øygarden kommune er kjøpesum avgrensa opptil ca. kr. 2.400.000,- for einslege og ca. kr. 2.900.000,- for fleire personar. Bustaden må også vere eigna for husstanden, nøktern og rimelig samanlikna med prisnivået på staden.
Vedlegg
Søknaden vert ikkje rekna som levert før alle opplysningar og dokumentasjon føreligg. Du får rettleiing i søknadsskjemaet om kva type vedlegg som SKAL leggast ved.
Slik søkjer du
For å søkje startlån må du ha ein sikker elektronisk ID, ein BankID. Dersom du ikkje kan skaffe ein BankID, kan du gje fullmakt til ein medhjelpar som kan søkje for deg. Ta kontakt med kommunen for informasjon om framgangsmåte ved bruk av medhjelpar.
Søk om startlån og tilskot (elektronisk søknad)
Kva skjer vidare?
I Øygarden kommune er det eining for service som behandlar alle saker som gjeld startlån. Dersom søknaden er utfylt med all dokumentasjon vedlagt er sakshandsamingstida 1 til 2 månadar, i enkelte periodar kan den bli noko lengre. Dersom vi må spørje dykk etter meir informasjon kan saksbehandlingstid auke.
Klage
Du har rett til å klage dersom du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå den dagen du har mottatt vedtaket. Før du klagar må du lese vedtaket nøye. I ein klage må du skrive kva du meiner er feil og grunngje dette. Klagen skal sendast elektronisk til kommunen via søknaden din.
Lover og reglar
Forskrift om startlån