Startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell

Prøveordning.

Bruke startlån i rekruttering av helsepersonell

Startlån frå kommunen er verkemiddel for å få dei med langvarige problemer med å få lån i vanleg bank, til å kjøpe eigen bustad. I Øygarden har det vore barnefamiliar, unge uføre, dei med kommunal bustad og eldre som har vore hovudmålgrupper for ordninga. Kommunar som Øygarden har også høve til å bruke startlån i arbeidet med å tiltrekke og behalde arbeidskraft. Kommunen har for tida særlege vanskar med å skaffe arbeidskraft innan helse og velferd. I tiltaksplan for å rekruttere og behalde helsepersonell som vart handsama i administrasjonsutvalet 24. april 2023 er bruk av startlån eit av 28 tiltak.

Viktig å vite:

Startlån skal supplere, ikkje konkurrere med den private kredittmarknaden. Det blir ikkje gitt startlån til helsepersonell som får lån i vanleg bank.

Det er eit absolutt krav at søkjar har beteningsevne for renter og avdrag på eit startlån. Dersom du frå før har ein høg gjeldsbyrde med for eksempel dyre forbrukslån, vil du ha redusert evne til å betene renter og avdrag på eit bustadlån.