Drøfta barnehage- og skulebruksplan

Ungdomsrådet sluttar seg til dei mest omfattande endringsalternativa for barnehage- og skulebruksplan for 2024-2040. Ungdomsrådet ønskjer likevel at ein del tema vert vektlagde i det vidare arbeidet.

Ungdomsrådet drøfta i grupper  lokalsenterutvikling - Klikk for stort bileteUngdomsrådet drøfta i grupper lokalsenterutvikling.

Ungdomsrådet ønskjer at elevane ikkje må få for lang reiseveg til skulen og at det vert sikra god geografisk spreiing og desentralisert skulestruktur. Vidare må ein syta for at det vert nok lærarar og god oppfølging av elevane. 

Planen har ei tidslinje som viser forslag til endring i barnehage- og skulestrukturen i løpet av dei komande 15 åra. Planen ligg ute på høyring til 30. september. Etter planen skal kommunestyret gjera endeleg vedtak i saka før nyttår. 

Positiv til etablering av Newton-rom

Ungdomsrådet er positiv til at det vert starta opp eit forprosjekt for mogleg etablering av Newton-rom. Rådet understrekar at det må sikrast kontinuitet i tilbodet. 

Eit Newton-rom skal vera kommunen sitt eige realfagsrom. Det er ein spesialtilpassa læringsarena, med eigne dedikerte lærarar som gjer det mogleg å gje innovativ og praktisk undervisning i realfag. Eit Newton-rom kan i samarbei

Det er levekårsutvalet som gjer endeleg vedtak i saka. Kommunedirektøren har innstilt på å starta opp eit forprosjekt for mogleg etablering av Newton-rom som skildra i saka.

Budsjett og økonomiplan

Ungdomsrådet gav nokre føringar for budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028. Moment som vart trekte fram i drøftinga var tilbod om skulefrukost, tilbod til uorganisert ungdom, utvida opningstider for innbyggartorget og biblioteket, prioritering av skuleturar, betre utstyr til kroppsundervisning og at ein unngår for sterk skattlegging av næringslivet.

Frå møtet i ungdomsrådet tysdag. - Klikk for stort bileteFrå møtet i ungdomsrådet tysdag.

Orienteringar

Plan og analyse gav informasjon om arbeidet med arealdelen til kommuneplanen 2027-2039. I perioden 24. september til 1. oktober vert det arrangert arbeids- og informasjonsmøte på kommunedelsentera på Ågotnes, Rong og Skogsskiftet. Ungdomspolitikarane vart oppmoda om å møta opp på desse samlingane. Les meir her.

Representantar frå Northern Lights og Equinor orienterte om Northern Lights-anlegget i Øygarden som er ein del av Langskip-prosjektet. Langskip er eit fullskala prosjekt for fanging og lagring av CO2. Flytande nedkjølt CO2 vert frakta med skip til mottaksanlegget på Ljøsøyna i Øygarden. Etter mellomlagring vert CO2 ført i røyr 110 kilometer vest i havet og lagra 2,6 kilometer under havbotnen.

Den 26. september vert anlegget offisielt opna. Det er invitert til stor folkefest. 

Andre saker i ungdomsrådet

  • Arbeid med handlingsplanen for ungdomsrådet
  • Kvalitetsmelding for grunnskulen
  • Møteplan for 2025



Tekst og foto: Vigleik Brekke