- Dette var eit nyttig møte

Fabina Fuiz Bolson var ein av dei 180 deltakarane på informasjonsmøtet for vaksne innvandrar i kultursalen i Øygarden rådhus på onsdag.
- På slike møte får vi viktig informasjon om det å bu i Noreg, seier Fabina.
 

Fullt hus. Det måtte ordnast med fleire sitjeplassar for å få plass til alle. - Klikk for stort bileteFullt hus. Det måtte ordnast med fleire sete for å få plass til alle.

Møtet vart gjennomført i regi av Øygarden vaksenopplæring, men i løpet av det tre timar lange informasjonsmøtet fekk deltakarane aktuell informasjon frå ei rekkje tenesteområde i kommunen.

- Det var fint å få informasjon om assistentane som har fått jobb på Fjell sjukeheim og Straume bu- og servicesenter. Sjølv deltek eg på norskopplæring på vaksenopplæringa. Eg har også vore i ein tre månader lang praksisperiode på Knappskog barnehage. Eg håpar å få fast jobb i Fjell, seier Fabina som bur på Knappskog saman med mannen og ei dotter på 11 år.

Fabina Fuiz Bolson var godt nøgd med møtet. - Klikk for stort bileteFabina Fuiz Bolson likte godt det ho fekk vera med på.

Viktig å læra norsk

Ordførar Tom Georg Indrevik innleia møtet med å gje informasjon om Øygarden kommune. Han understreka kor viktig det er læra norsk.

- Ein føresetnad for trivsel er å læra norsk. Du er også avhengig av å kunna norsk for å få jobb. Det å lukkast med integrering er vanskeleg, men ikkje umogleg. De representerer andre kulturar og verdisett, og de bidreg til å gjera samfunnet vårt rikare, sa ordføraren.

Ordførar Tom Georg Indrevi - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik

Omfattande tilbod til flyktningane 

På møtet vart det gjeve informasjon om skule, helse, vaksenopplæring, Ukraina-prosjektet, innbyggartorget og biblioteket, kultur og aktivitetar. I pausane mellom dei ulike informasjonsbolkane fekk deltakarane snakka litt om det dei fekk informasjon om. 

Det vert gjeve tilbod om barnehage- og skuletilbodet til barna og om norskopplæring inklusive samfunnskunnskap til dei vaksne. Det er også tilbod om helsehjelp, mellom anna via helsestasjon og skulehelsetenesta og tannhelse.
Det vart vidare gjeve informasjon om Ukraina-prosjektet og arbeidet med busetjing. NAV orienterte om støtteordningar og arbeidet med å hjelpa flyktningar i overgangen til arbeidslivet.

Praten gjekk livleg i pausane. - Klikk for stort biletePraten gjekk livleg i pausane.

Ein viktig møteplass for flyktningane er innbyggartorget og biblioteket. Dei tre møteplassane her er Rong, Skogsskiftet og Straume. Tilbodet her er gratis. Det vart også informert om kulturtilbod. Eit populært tilbod er BUA på Ågotnes der det er utlån av diverse utstyr for aktivitetar. 

Deltakarane i Øygarden vaksenopplæring representerer 25 land.

- Vi er utruleg stolte av at så mange av dykk kunne koma hit i dag. Vi ønskjer å bidra til at de lærer nok norsk til at de klarer dykk sjølv. Norsk er nøkkelen til integrering, sa rektor Nina Håvik Pettersen som også understrekar kor stolt ho er av lærarane og den jobben dei gjer med å tilpassa norskopplæringa til kvar einaste deltakar, kvar dag. 

På informasjonsmøtet vart dei fleste lærarane (14) presenterte. Torhild Garmanslund og Odd Steinar Gjøsæter bidrog med song, allsong og musikk og fekk «alle» til å syngja. 

Her kan du lesa om tilbod og tenester til flyktningar.

 

Frå informsjonsmøtet - Klikk for stort bilete
Frå informsjonsmøtet - Klikk for stort bilete
Frå informsjonsmøtet - Klikk for stort bilete
Frå informsjonsmøtet - Klikk for stort bilete
Frå informsjonsmøtet - Klikk for stort bilete
Frå informsjonsmøtet - Klikk for stort bilete
Frå informsjonsmøtet - Klikk for stort bilete
Frå informsjonsmøtet - Klikk for stort bilete
Frå informsjonsmøtet - Klikk for stort bilete
Frå informsjonsmøtet - Klikk for stort bilete
Frå informsjonsmøtet - Klikk for stort bilete
Frå informsjonsmøtet - Klikk for stort bilete



 Tekst og bilete: Vigleik Brekke