- Dette var ei nyttig samling

Kjell Bergesen var ein av dei som deltok på Beste Årgang-samlingane i juni.
- Det var flott at vi som 77-åringar vart inviterte til desse samlingane, seier han.

Kjell Bergesen - Klikk for stort bileteKjell Bergesen

Tidlegare i juni vart 77-åringane i Øygarden inviterte til Beste Årgang-samling i Skogsskiftet og Straume. Kommunen ønskte å koma i kontakt med alle heimebuande 77-åringar som ikkje mottar omfattande hjelp frå kommunen eller får hjelp frå heimesjukepleia. Etter ferien vert det nye samlingar på Straume og Rong. Dei 77-åringane som ikkje møter opp, får tilbod om heimebesøk.

Vel 50 personar møtte fram på samlingane i Skogsskiftet og Straume i juni. Arrangør var Aksjonssenteret som har base i Øygarden lokalmedisinske senter.

Kjell Bergesen seier at det var ein god tone på samlinga på Straume der han deltok.

- Eg opplevde at det var kompetente folk som hadde innlegg og at alt var nyttig for meg. Slike samlingar skapar ein fin tovegskommunikasjon. Dei fleste i vår alder er mobile og kan delta på slike samlingar, seier han.

På samlingane var det oppe tema som kvardagsglede, aktivitet og trening, ernæring og tryggleik og meistring. Mange likte å treffa igjen naboar og skulekameratar.

- Eg tykkjer alle innlegga var gode og nyttige. For min del var temaa aktivitet og trening og ernæring viktige å få med. På samlinga vart me mellom anna gjort merksam på kor få det var som har ordna med framtidsfullmakt. Det er nyttig og noko alle i vår alder bør tenkja på, seier han.

- Opplevde du at kommunen «trengjer seg litt vel mykje på» når det vert invitert til eit slikt møte?

- Nei, på ingen måte, seier Kjell Bergesen.

Bergesen framhevar også det konsulent i førebyggjande heimebesøk, Hanne Gjemdal Hjortland, viste til når det gjeld kva som skal til for å auka kvardagsgleda. Det handlar om å vera merksam, aktiv, læringsvillig og å knyta sosiale band og gje noko til andre – og seg sjølv.

Frå samlinga i Skogsvåg. - Klikk for stort bileteFrå samlinga i Skogsvåg.

Dette er første året at det vert gjennomført slike samlingar i Øygarden. På samlingane vert det snakka om helsefremming og førebygging.

- Ved å arrangera Beste Årgang kan eg bruka ressursane mine på førebyggjande heimebesøk til fleire innbyggjarar over 75 år og dei under 75 år som har utfordringar med å bu heime. Fleire 77-åringar ønskjer ikkje heimebesøk for dei er aktive og kjenner seg friske, men opplever det meir attraktivt å vera med på samlingar som dette, seier Hanne Gjemdal Hjortland.

Det vert invitert til nye Beste Årgang-samlingar den 15. september i kultursalen i rådhuset på Straume klokka 10.30 og i kommunedelsenteret på Rong 29. september klokka 10.30.


Tekst og foto: Vigleik Brekke