Aksjonssenter

Aksjonssenteret er bemanna på dagtid frå måndag til fredag frå kl. 08.00 - 15.00. Ring oss på telefon 55 09 70 00. Dette er ikkje ein telefon for for øyeblikkeleg hjelp. Treng du øyeblikkelig hjelp, ring legevakta på telefon 116 117 eller medisinsk nødhjelp 113.

Når du tek kontakt med Aksjonssenteret vil opplysningar kunne bli lagra med føremål å kunne gi hjelp, råd og rettleiing til å kunne oppnå å bu trygt i eigen heim så lenge du ønskjer.

Målgruppe

Eldre som bur heime.

Om aksjonssenteret

På sikt skal dette bli eit døgnope tilbod til innbyggjarane.

Aksjonssenteret vil ha oversikt over alle tenestetilbod i kommunen, enten dei vert
tilbydd frå kommunen, private eller frivillige aktørar. Aksjonssenteret vil vera den eine døra inn der ein skal kunne vende seg for hjelp, råd og rettleiing.

Gjennom etablering av eit døgnope aksjonssenter er det ønskje om at innbyggjarar med behov for støtte skal kunne bu trygt og trivast lengre heime.

Inger Fosse og Hege Tveit

Aksjonssenter
Telefon 55 09 70 00


Telefontid:
Måndag-fredag 08.00-15.00

Ved akutt hjelp ring:
Legevakt 116 117 eller
medisinsk nødhjelp 113.

Adresse

Blombakkane 77,
5354 Straume