Du må alltid ha tryggleiksalarmen på deg når du er heime for å kunne tilkalle hjelp. Når du trykkjer på alarmen, vil alarmen gå direkte til heimesjukepleien som vil svare og hjelpe deg ved behov.
Kven kan få tilbodet?
Dei som av ulike årsaker kan ha behov for å tilkalle hjelp frå heimesjukepleien.
Må fylle eitt eller fleire av følgjande kriterium:
- ha lett for å falle/har rørsleproblem
- er utrygg grunna sjukdom eller av andre årsaker
- bur åleine /har lite nettverk
Det er ei føresetnad at den som får innvilga alarm forstår bruken av denne. Alarmen skal nyttast i situasjonar du har behov for hjelp.
Søk
Søk om tryggleiksalarm (PDF, 149 kB)
Utfylt og signert skjema sendast til:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong
Pris
Prisar per månad for tryggleiksalarm
Søknadsbehandling
Kommunen har plikt til å behandla saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skrifteleg svar på årsaka til dette med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort. I vedtaket vil det koma fram om søknaden vert innvilga eller ikkje.
Generell informasjon
Når søknad er motteken, avtalar vi snarast eit heimebesøk. Du må gjerne ha med pårørande i møte. Får du innvilga tryggleiksalarm, vil du saman med vedtaket få eit informasjonsbrev om kva som skjer vidare.
Alle som får innvilga tryggleiksalarm vil få tilbod om eit branntilsyn frå brannvesen og røykvarslar tilkopla tryggleiksalarmen.
Klage
Du kan klage på vedtak om tryggleiksalarm. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen.