Mobilitetsveka starta eigentleg fredag morgon klokka 07.00 då det vart delt ut bollar og andre godbitar på Straume terminal
På måndag var det markering på Spildepollen sykkelpark med pumptrack-oppvising ved Adrian Tell frå Moow. Basecamp tok sykkelservice på syklane til elevane. Det var dei elsdste barnehagebarna på Spildepollen kystbarnehage, 5. og 6. klasse på Spildepollen skule og 8. trinn på Sund ungdomsskule som deltok i Spilepollen sykkelpark.
Adrian Tell gav oppvising i pumptrack.
I Fjordparken litt seinare på måndagen var det også oppvising frå Moow, denne gongen ved trial-artistane frå Moow, Alexander Eirik Ulltang og Joachim Skjævestad. Publikum jubla over artistinnslaga på Spildepollen og Fjordprken. Her deltok dei eldste frå Terna barnehage, 5. og 6. klasse på Rong skule og 8. trinn på Øygarden ungdomsskule.
Basecamp tilbod om sykkelservice begge stader. Alexander Espeland og Joachim Dalland seier at dei justerte bremsar og gir, smurde kjeda og sjekka lufttrykket. Dersom det var meir "alvorlege" ting, får elevane tilbod om reperasjon av sykkelen.
Frå venstre; Håvard Bakke (Miljøløftet), Sturla Kverneng (Miljøløftet), ordførar Tom Georg Indrevik og koordinator for mobilitetsveka i Øygarden, Unni Sørensen.
Ordførar Tom Georg Indrevik talte begge stader og oppmoda alle til å bruka hjelm når dei syklar. Simen Sæle er nøye på dette.
- Eg brukar hjelm når eg syklar. I tillegg til å sykla til trening, syklar eg når eg skal besøkja vener. Eg opplever det trygt å sykla ettersom eg kan sykla på gangfeltet, seier Simen som meiner alle i klassen syklar i større eller mindre grad.
Eirik Ulltang i eit spektakulært hopp under oppvisinga i Fjordparken.
Tema for Mobilitetsveka i 2023 er «Spar energi». Målet er å visa korleis ein kan bruka beina, sykkelen, kollektivtransport eller bildeling og samkøyring for å spara energi og få ein grønare kvardag.
Miljøløftet er eit samarbeid mellom stat, fylke og fem kommunar i bergensområdet der målet er nullvekst i personbiltrafikken ved å auka kollektivtrafikken, byggja fleire gang- og sykkelvegar og leggja til rette for betre arealbruk.
Les om Miljøløftet i Øygarden kommune.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke