- Godt busstilbod frå Straume

Kristi Anne Veien var ein av dei mange som fekk bolle på veg til jobb i dag. På bussterminalen på Straume markerte Miljøløftet starten på Mobilitetsveka 2023.

Kristi Anne Veien tar bussen når ho skal på jobb. Til venstre; Berit Anita Knudtsen Larsen.

Tema for Mobilitetsveka er «Spar energi». Målet er å visa korleis ein kan bruka beina, sykkelen, kollektivtransport eller bildeling og samkøyring for å spara energi og få ein grønare kvardag.

- Eg reiser med buss til Bergen sentrum kvar dag så sant eg ikkje har heimekontor. Busstilbodet er bra, særleg frå Straume. Eg ser ikkje på rutetabellen ettersom bussen går såpass ofte. Det kjem alltid ein buss. Det tek fem – ti minutt å gå til bussen frå heimen og ti minutt frå busstoppet i Bergen til arbeidsplassen, seier Kristi Anne Veien.

Frå venstre; Ida Vevle Kristoffersen (Miljøløftet), Unni Sørensen, Rikke Sunde Midtun (miljøløftet), Berit Anita Knudtsen Larsen, Juan Manuel Santacruz (Miljøløftet) og Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteFrå venstre; Ida Vevle Kristoffersen (Miljøløftet), Unni Sørensen, Rikke Sunde Midtun (Miljøløftet), Berit Anita Knudtsen Larsen, Juan Manuel Santacruz (Miljøløftet) og Tom Georg Indrevik.

Bollar og kaffi

På terminalen på Straume stod representantar frå Miljøløftet, ordførar Tom Georg Indrevik, Berit Anita Knudtsen Larsen frå eldrerådet og frivilligrådgjevar Unni Sørensen og delte ut bollar, kaffi og andre godbitar. Dei 200 bollane forsvann i løpet av 45 minutt.

Hilde Frantzen i kantina på Øygarden rådhus reiser kvar dag på jobb mellom klokka seks og sju frå Eide på vestsida på Sotra.

- Bussen går kvar time om morgonen. Eg kunne nok tenkt med litt hyppigare avgangar, men det er fantastisk å reisa med bussen til jobb, seier Hilde.

Hilde Frantzen reiser med bussen til og frå jobb. - Klikk for stort bileteHilde Frantzen reiser med bussen til og frå jobb.

Markeringar i Øygarden og Bergen

Måndag 18. september er den store mobilitetsdagen i Øygarden. Då vert det sykkelshow og aktivitetar ved Spildepollen skule og i Fjordparken på Rong der skuleelevar og andre interesserte deltek. Miljøløftet er med og markerer dagen, og Basecamp gjev sykkelservice. Les meir om mobilitetsveka i Øygarden her.

I Bergen er det bilfri dag laurdag 16. september. Her kan du med deg familien og oppleva Vaskerelven, Veiten og Øvre Ole Bulls Plass utan bilar, men fulle av liv. Les meir om bilfri dag i Bergen her.


Tekst og foto: Vigleik Brekke