Stengjer tunnel mot vest på riksveg 555
Helga 5. - 8. april vert tunnelen mot vest i Damsgårdtunnelen stengt på grunn av gravearbeid under oppgraderinga.
Frå gravearbeid i Damsgårdstunnelen
Statens vegvesen
- Damsgårdtunnelen er ein gamal tunnel som verkeleg treng modernisering og nytt tryggleikssystem. Som ein del av oppgraderinga av tunnelen, vert vi dessverre nøydde til å stengja tunnelen mot vest komande helg, seier byggjeleiar Lennart Strøm i Statens vegvesen.
Tunnelen stengjer fredag 5. april klokka 20.00 og opnar igjen måndag 8. april klokka 05.30.
Det vert sterkt oppmoda om å nytta skilta omkjøringsveg; E39 Fjøsangerveien – Fv.556 Straumeveien – Fv.574 Bjørgeveien og Fv557 Knappetunnelen.
Les meir på nettsida til Statens vegvesen.
Publisert 05.04.2024 09.51