Lysregulerer Godviksvingene

Godviksvingene vert opna for ordinær trafikk i retning mot Askøy. Mot Bergen vil det berre vera tillate med busstrafikk. Bussane vert prioritete i lysreguleringa.

Sidan desember i fjor har køyrefeltet i Godviksvingene mellom rundkjøringa ved Olsvikskjenet og Storavatnet i retning vest vore stengt. - Klikk for stort bileteSidan desember i fjor har køyrefeltet i Godviksvingene mellom rundkjøringa ved Olsvikskjenet og Storavatnet i retning vest vore stengt. Marthe Njåstad Sotra Link/Statens vegvesen

Trafikk frå Askøy og Godvik som skal i retning Bergen må køyra riksveg 555 i retning Bergen som følgje av endringa. Endringane trer i kraft i løpet av denne veka (10). Det er Statens vegvesen og Sotra Link som melder dette.  

Bakgrunnen for å etablera lysregulering, er at det har vore betydelege utfordringar med trafikkavviklinga rundt Storavatnet etter stenginga av Godviksvingene i desember i fjor i retning frå Bergen mot Askøy. Det har blitt meir kø i trafikken vestover i ettermiddagsrushet, særleg mot Askøy.

Les meir på nettsida til Statens vegvesen.