Framtidsbiletet for Stovevatnet

Den nye riksvegen skal gå i tunell under Straume. Med massane frå denne tunellen skal Stovevatnet fyllast att, og hevast opp til omkringliggande terreng. Stovevatnet vert dermed eit nytt tilgjengeleg areal, som vert liggande i same høgde som dagens bussterminal og gjesteparkeringa ved rådhuset. Kommunen viser no fram to ulike forslag til korleis Stovevatnet kan utviklast, og kopla seg på resten av Straume sentrum. 

To arkitektteam har arbeidd fram to ulike forslag til framtidsbiletet for Straume, gjennom ein prosess vi kallar for parallelloppdrag. Desse forslaga vert stilt ut i innbyggartorget og biblioteket på Sartor Storsenter, fram til og med 25. mars. Hefta som summerer opp arbeidet til arkitektane kan også sjåast her:

Oversiktsbilete av Stovevatnet på Straume - Klikk for stort bilete

Fram mot mai 2023 skal ein vurderingskomité, satt saman av representantar frå blant anna kommunen, fylkeskommunen, næringslivet og råda i kommunen oppsummera parallelloppdraget i ein rapport. Rapporten skal ta utganspunkt i forslaga frå arkitektane og innspel frå innbyggarar og andre, som er komen inn undervegs i prosessen. Vurderingskomiteen vil i rapporten komma med ti råd til korleis kommunen bør arbeida vidare med utviklinga av Stovevatnet og Straume. Desse råda vil vera viktig for alt framtidig planarbeid på Straume. Derfor skal rapporten opp til behandling i utval for samfunnsutvikling 6. juni, og vidare til kommunestyret 22. juni.