Her publiserer vi rapportar og liknande så snart dei er klare.
I 2024 har vi invitert til medverknad gjennom opne møte og innspel om verdiar vi bør ta vare på for framtida, og korleis vi utviklar gode lokalsamfunn i Øygarden. All denne kunnskapen er summert opp i kartforteljinga Verdiar i Øygarden, som du kan bla deg gjennom her.
Ønskjer du å vita meir om gjeldande arealbruk i kommunen, kan du nytta kommunekart. Her finn du til dømes informasjon om kva farge og arealbruk din eigedom har. Du kan også finna informasjon om blant anna kartlagde naturverdiar, friluftsliv, kulturminne og mykje meir.
Til no har vi utarbeidd følgjande kunnskapsgrunnlag:
Barnetråkk er eit digitalt medverknadsverktøy der barn og unge kan spela inn i kart korleis dei brukar og opplever nærmiljøet sitt, trafikktryggleik, skulevegen eller vegen til fritidsaktivitetar. Metoden gir barn og unge moglegheita til å delta i, og reelt påverka samfunnsutviklinga og staden dei bur.
Kunnskapen vi får inn frå registreringane til barna vil vera nyttig informasjon for arbeidet med arealdelen til kommuneplanen, men også for andre pågåande planarbeid og strategidokument. Som til dømes barnehage- og skulebruksplanen, trafikksikringsplanen, ein eigedomsstrategi for kommunale bygg, strategisk planprogram for Straume og områdeplanen for Stovevatnet.
Vi har laga eit statusbilete av korleis vi legg til rette for næringsutvikling gjennom gjeldande arealplanar i Øygarden. Her har vi gjennomført analysar av næringsareal, og sett på bruk og potensiale i desse areala. Vi har også invitert næringslivet til ein medverknadsdag, for at dei kan dela erfaringar og gi innsikt i korleis arealbruk påverkar kvardagen deira.
Kart
Kartforteljing - næringskartlegging
Meir informasjon om kartforteljing - næringskartlegging
Dokument
Kva er miljøstatus i Øygarden, og korleis vil klimaendringane påverka oss? Vi har laga eit statusbilete over viktige natur- og miljøførestander som vi må ha kunnskap om for å utvikla Øygarden. Det handlar om konsekvensane av klimaendringar, påverknad på økosystema og kjende miljøproblem. I tillegg viser vi korleis vass- og avløpsnettet er ein viktig føresetnad for utviklinga av kommunen vår.
Dokument
- Rapport - Klima og klimaendringar i Øygarden (dokumentet vert snart tilgjengeleg)
- Rapport - Vassmiljøa i Øygarden (dokumentet vert snart tilgjengeleg)
Kart
Kartforteljing - Klima og miljø
Meir informasjon om kartforteljing - Klima og miljø
Arealrekneskap er eit verktøy som gir oversikt over areala våre, der vi samanstiller informasjon om blant anna arealbruk i planar, korleis vi faktisk nyttar areala våre, kor mykje natur vi tek vare på eller tek i bruk, karbonlagring og mykje meir.
Kunnskapen som vi får gjennom arealrekneskapen er nyttig for å sjå konsekvensar av om vi tek i bruk eller vernar om areala våre. Bruk av arealrekneskap gjennom arbeidet med arealdel til kommuneplanen er no ei nasjonale forventing, og ligg som ei retningslinje i regional plan for klima (2022 – 2035).
Kart
Kart for arealrekneskap
Meir informasjon om kart for arealrekneskap
Sist endra 29.04.2025 07.58