MOT til å glede prisen

MOT i Øygarden kårar årets gledesspreiar.

MOT logo - Klikk for stort bilete

Årets gledesspreiar er ein i ditt lokalsamfunn som:

  • Er ein positiv kulturbyggar i lokalsamfunnet
  • Er ein gledesspreiar med MOT til å bry seg
  • Evner å løfte blikket og sjå menneska rundt seg

Øygarden er ein MOT-kommune som jobbar strategisk med MOT verdiane som er:

  • MOT til å bry seg
  • MOT til å glede
  • MOT til å seie nei

Gjennom MOT strategien jobbar kommunen med å etablere eit verdiprogram frå barnehage til vidaregåande skule, vidare ut til foreldre, og også inn mot tilsette i eigen organisasjon. Ei slik satsing i å byggja felles verdiar og byggja kultur styrkjer Øygarden som ein god stad å bu.

Å spreie glede er smittsamt, og gjer en forskjell for andre. Kjenner du nokon som alltid seier "Hei", som ser deg og som får deg til å føle deg betre? Som uansett eigne omstenda har eit smil til alle den møter og som bryr seg om andre. Det kan krevja litt MOT å gjere noko ekstra for å spreie glede, men verdien er stor.

Ungdommens komunestyre ønsker å heidre denne viktige kulturbyggjaren i kommunen med prisen MOT til å glede. UKS oppmodar spesielt unge nominasjonar.

Forslag til kandidat

Framlegg til kandidatar, med grunngjeving, skal sendast til Øygarden rådhus, Postboks 184, 5342 Straume, på e-post til postmottak@oygarden.kommune.no eller elektronisk skjema.

Innspel til kandidat

Frist

Frist for framlegg til kandidat er 1. desember.

Utdeling av pris

Kandidatane vert vurdert av Ungdommens kommunestyre (UKS). Prisen på kr. 10 000,- og ein diplom vert delt ut på den årlege Kultur- og idrettsgallaen.