Prisen vert gjeven til einskildpersonar eller lag/organisasjonar som gjennom ekstraordinært arbeid har synt trufast innsats innan kulturlivet i kommunen, til konkrete tiltak/initiativ, eller til nokon som har gått nye vegar innan kultursektoren i kommunen. Kulturprisen er til heider og stimulans for det lokale kulturlivet.
Forslag til kandidat
Framlegg til kandidatar, med grunngjeving, skal sendast til Øygarden rådhus, Postboks 184, 5342 Straume, på e-post til postmottak@oygarden.kommune.no eller elektronisk skjema.
Innspel til kandidat
Frist
Frist for framlegg til kandidat er 15. oktober.
Utdeling av pris
Kandidatane vert vurderte av Utval for tenester og levekår. Prisen på kr. 10.000,- , ein diplom og eit kunstverk til ein verdi opptil kr. 2.000,- vert delt ut på den årlege Kultur- og idrettsgallaen.
- 2022: Trygve Fjeldstad
- 2021: Linda Telle
Sist endra 18.09.2023 10.11