Halvard Kallestad vart Månadens frivillig i april

Han smiler og ler mykje, Halvard. Onsdag kveld smilte han ekstra breitt då ordførar Tom Georg Indrevik dukka opp på Sjøvang på Glesvær for å overrekkja prisen for Månadens frivillig for april.
- Dette var kjempekjekt, sa Halvard.

Ordføraren dukka opp på basen til sjøsportsenteret, Sjøvang, onsdag kveld og overrekte prisen. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik dukka opp på basen til sjøsportsenteret, Sjøvang, onsdag kveld og overrekte prisen til Halvard Kallestad.

Halvard Kallestad har vore ein krumtapp for mykje frivillig arbeid, særleg gjennom Glesnes ungdoms- og idrettslag der han bidrog i etableringa av sjøsportsenteret Sjøvang i 2012. Han har også vore sentral i arbeidet med å byggja opp sykkelparken og klatreparken i Spildepollen og stiar i Glesvær-området.

- Halvard er ein del av den levande bygda her på Glesvær. Vi kan ikkje vedta levande bygder. Det vert skapt av dei som bur der, og Glesvær er eit levande døme på dette. Det å gjera ein forskjell i lokalsamfunnet er viktig. Det er vel fortent at du får prisen, sa ordføraren.

Ordføraren tok seg tid til å lesa heile nominasjonsteksten frå Ronja Glesnes. Der er Halvards store engasjement for lokalsamfunnet lista opp. Her kan du lesa heile teksten. (PDF, 104 kB)

Her står Halvard ved ein ny farkost han  brukar når det det bles godt. - Klikk for stort bileteHer står Halvard ved ein ny farkost han brukar når det det bles godt. 

Gir seg aldri 

- Halvard gir seg aldri med nye prosjekt. Han gjer alt med glimt i auga, byr på seg sjølv og har ei inspirerande begeistring for det han held på med. Halvard er ei eldsjel som har brukt og brukar framleis uendeleg med frivillige timar som utruleg mane menneske frå gleda av, heiter det i grunngjevinga for prisen.

Halvard sjølv må vedgå at det var gjevt å få denne utmerkinga. Han brukar mykje tid på frivillig arbeid, men han har faktisk tid til familie og jobb. Til dagleg jobbar han som ingeniør hjå Equinor på Ågotnes.

- Den siste tida har eg engasjert meg mest med sykkelparken og stiar her i området. Men det handlar slett ikkje berre om meg. Det som gjer dette mogleg, er samarbeidet mellom bygdene. Vi er privilegerte som får gjera så mykje for fellesskapet saman, seier Halvard Kallestad.

No ser han og alle dei andre fram til ei (litt forseinka) offisiell opning av sykkelparken den 21. mai.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke