Nyttig innhald
Vegen til ekteskapet - steg for steg (skatteetaten.no)
Informasjon for utanlandske statsborgarar som vil gifta seg i Norge (udi.no)
Søka om prøvingsattest (skatteetaten.no)
Slik går de fram
1. Bestill prøvingsattest
Prøvingsattesten stadfestar at de har rett til å gifta dykk.
- Saksbehandlingstida kan vera opptil 6 veker
- Attesten er gyldig i fire månadar frå utstedingsdatoen
- Attesten må vera gyldig på vigseldagen
Søk derfor i god tid.
Bestill prøvingsattest hos Skatteetaten
Krav om lovleg opphald før vigsel
Begge må ha lovleg opphald i Noreg på vigseldagen. Dersom prøvingsattesten viser at det er uvisse om ein av dykk, eller begge, har lovleg opphald, må de lasta opp dokumentasjon på dette seinast fire veker før vigselen. Dokumentasjon etter innsending av bestillingsskjema kan sendast til kommunen via: eDialog - Øygarden kommune
Les meir om dokumentasjon på lovleg opphald hos UDI.
2. Reserver dato fram i tid
Dersom de har eit særleg ønskje om ein bestemt dato fram i tid, kan de kontakta kommunen for å få ein mellombels reservasjon inntil eitt år fram i tid. Kommunen vil så langt som mogleg leggja til rette for ønskja dykkar, men kan ikkje stadfesta vigseltidspunktet før nødvendig dokumentasjon er motteken og kontrollert.
3. Bestill vigsel
Når de har fått gyldig prøvingsattest (gyldig i fire månader), kan de bestilla vigsel hos kommunen ved å bruka dette digitale skjemaet:
Bestilling av borgarleg vigsel
I skjemaet skal de:
- lasta opp gyldig prøvingsattest
- lasta opp legitimasjon (bilete)
Merk:
- Innsendt skjema er ikkje ei endeleg stadfesting
- De får stadfesting når vi har behandla bestillinga
- Vi sender stadfestinga til den digitale postkassa dykkar (eller som brev dersom de har reservert dykk)
De kan også levera dokumenta på innbyggjartorget eller senda dei i posten.
Vi må som hovudregel ha dokumenta seinast 2 veker før vigselen. I nokre tilfelle kan vi gjera unnatak.
Vi kan ikkje garantera vigselen før vi har kontrollert prøvingsattesten.
Dokumentasjon etter innsending av bestillingsskjema kan sendast til kommunen via: eDialog - Øygarden kommune
Som legitimasjon godtek vi gyldig pass, norsk førarkort, norsk nasjonalt ID-kort og bankkort med bilete og personnummer. Legitimasjonen kan ikkje vera elektronisk (t. d. elektronisk førarkort). For utanlandske statsborgarar godtek vi berre pass.
I søknaden sender de inn kopi/bilete av legitimasjonen. Brudeparet må i tillegg ha med legitimasjon i original på vigselsdagen. Vigsel vert ikkje gjennomført dersom legitimasjon manglar!
Hugs at attesten ikkje kan vera eldre enn fire månadar på vigseldagen. De må ikkje skriva noko på dette dokumentet! Det skal signerast under vigselen.
For å kunna gifta seg i Noreg, må utanlandske statsborgarar ha lovleg opphald i Noreg på vigselstidspunktet. Dette vert kontrollert av Skatteetaten før dei utstedar prøvingsattesten, men i nokre tilfelle vil det likevel vera usikkert om vedkommande vil ha gyldig opphald på vigselstidspunktet – og det er då opp til kommunen å kontrollera dette.
Dersom dette gjeld dykk vil det stå skrive med lita skrift om lag midt på prøvingsattesten, og kommunen vil kontrollera dette. I så fall må de også levera bevis på gyldig opphald. Det er viktig at kommunen får dette snarast råd, slik at vi kan kontrollera at opphaldsløyvet er i orden, og i nokre tilfelle må vi be om bevis i original. Ta kontakt via sentralbordet dersom de har spørsmål til dette, eller les ev. meir om dokumentasjon på lovleg opphald på nettsidene til Utlendingsdirektoratet.
Datoar for vigsel
Kommunen gjennomfører vigsel éin fredag og påfølgjande laurdag kvar månad, i tidsrommet kl. 12.00–15.00, etter fastsett plan.
Vi kan gjennomføra vigsel på andre tidspunkt, dersom vi har vigslar tilgjengeleg. De kan oppgi ønskt vigseldato i søknadsskjemaet.
- Januar: 23. og 24.
- Februar: 20. og 21.
- Mars: 20. og 21.
- April: 24. og 25.
- Mai: 22. og 23.
- Juni: 19. og 20.
- Juli: Ikkje vigsel
- August: 21. og 22.
- September: 18. og 19.
- Oktober: 23. og 24.
- November: 20. og 21.
- Desember: 11. og 12.
- Januar: 22. og 23.
- Februar: 19. og 20.
- Mars: 19. og 20.
- April: 23. og 24.
- Mai: 21. og 22.
- Juni: 18. og 19.
- Juli: Ikkje vigsel
- August: 19. og 20.
- September: 24. og 25.
- Oktober: 22. og 23.
- November: 19. og 20.
- Desember: 10. og 11.
Seremonirom og gjestar
Som hovudregel gjennomfører vi vigsel på kontoret til ordføraren på Øygarden rådhus. De kan be om vigsel på ein annan stad, men dette er avhengig av kapasiteten vår. Vigslaren vurderer i kvart tilfelle om det er praktisk mogleg å gjennomføra.
Kontoret til ordføraren har plass til inntil 20 gjestar, i tillegg til brudeparet og to vitne eller forlovarar. Dersom de ønskjer det, kan vi i nokre tilfelle leggja til rette for vigsel i eit større lokale på rådhuset.
Bilete av ordførarkontoretVigslarar
Desse folkevalde har vigselmynde i perioden 2023–2027:
- Tom Georg Indrevik, ordførar (H)
- Anita Garlid Johannessen, varaordførar (FrP)
- Marianne Sandahl Bjorøy (Ap)
- Nils Kåre Skoge (H)
- Espen Stølsnes Harkestad (Ap)
- Ingvill Kvalsnes Blom (KrF)
- Børge Haugetun (SL-TVØ)
De kan ønskja vigslar i bestillingsskjemaet.
Prisar
Vigsel er gratis når:
- minst ein av dykk er folkeregistrert i kommunen, eller
- ingen av dykk er folkeregistrerte i Noreg
Dette gjeld vigsel på rådhuset til fastsette tider.
De må betala når:
- vigselen skjer ein annan stad enn rådhuset
- vigselen skjer utanom fastsette tider
- ingen av dykk bur i kommunen, men minst ein bur i Noreg
Faktura vert sendt i etterkant av vigselen.
Satsar
- Måndag–fredag: kr 1.272 + eventuelle tillegg
- Laurdag–sundag: kr 2.544 + eventuelle tillegg
Dersom minst ein er norsk statsborgar, men ingen bur i kommunen, kjem det i tillegg kr 1 000 i administrasjonskostnad.
Om vigselseremonien
Oppmøte
Brudeparet, forlovarane/vitna og eventuelle gjestar skal møta opp minst 10 minutt før avtalt vigselstidspunkt. De skal venta i foajéen på rådhuset til vigslar hentar dykk inn i seremonirommet. Brudeparet skal visa gyldig legitimasjon før seremonien startar.
Vitne
De må ha to vitne til stades under seremonien. Dette er ofte forlovarane, men det treng ikkje vera dei. Vitna må vera over 18 år og visa gyldig legitimasjon.
Språk
Vi gjennomfører vigsel på norsk eller engelsk. De må velja språk når de sender inn søknaden. Dersom de ønskjer vigsel på eit anna språk, må de sjølve skaffa kvalifisert tolk.
Seremonien
Vi set av om lag 15 minutt til kvart brudepar. Under seremonien les vigslaren opp formularet for borgarleg vigsel. Brudeparet svarar på om dei vil ha kvarandre til ektefellar, og vigslaren erklærer dykk som rette ektefolk. Til slutt signerer de, vitna og vigslaren vigselprotokollen.
De kan velja om de vil byta ringar under seremonien. Dersom de ønskjer dette, må de kryssa av for det i bestillingsskjemaet.
De kan òg leggja inn eit kulturinnslag, til dømes musikk eller dikt. De må avtala dette på førehand og sjølve stå for gjennomføringa og eventuelle kostnader.
Fotografering
De kan fotografera og filma under og etter seremonien. Ver merksame på andre som oppheld seg i fellesområda på rådhuset.
Parkering
Brudeparet kan parkera på parkeringsplassane ved hovudinngangen på rådhuset. Andre må parkera på parkeringsplassen ved rådhuset, eller på andre nærliggjande offentlege parkeringsplassar.
Vigselattest
Etter seremonien kan de få med dykk ein mellombels vigselattest dersom de har kryssa av for dette i bestillingsskjemaet. Skatteetaten sender den endelege vigselattesten til dykk innan om lag to veker etter vigselen.
Lovar og retningsliner
Lov om ekteskap (ekteskapsloven) pålegger kommunane å gjennomføra vigslar, som skildra i paragraf 12 a (lovdata.no).
Kontaktinformasjon
Har de spørsmål de ikkje har fått svar på, hjelper vi dykk gjerne.
Send oss ei førespurnad på e-post: politisksekretariat@oygarden.kommune.no
De kan òg ringja oss på 56 16 10 00 måndag til fredag mellom kl. 09.00 og 15.00.
Kommunen kan ikkje svara på spørsmål om prøvingsattest. For slike spørsmål må de kontakta Skatteetaten (skatteetaten.no).