Tilrettelagt kultur- og idrettstilbod
Vi har ei rekkje fritidstilbod som er tilrettelagt for både vaksne og barn med nedsett funksjonsevne.
Idrett
Kultur
- Kulturskulen i Øygarden har ulike tilbod innan musikkterapi, kor og musikalske gruppesamlingar. Det er òg mogleg å setje opp andre gruppetilbod som til dømes dans, teater eller teikning dersom det er fleire interessentar. Ta kontakt på e-post til kulturskulen@oygarden.kommune.no eller telefon 55 09 68 00 /906 56 836 for å melde ditt interesse.
- Klubb Knekten møter kvar fyrste måndag i månaden kl. 18.00-20.30 på Straume til mingling, dans og middag og har jamlege arrangement utanom. Minimumsalder er 15 år. Kontakt Karin Bjærum telefon 974 84 550 for meir informasjon.
- Koret Sotrastrilene møter kvar tredje måndag i månaden kl. 17.00 – 19.30. Minimumsalder er 15 år. Kontakt Karin Bjærum telefon 974 84 550 for meir informasjon.
- Livets lys i Foldnes kyrkje ein fredag i månaden kl. 18.00 - 20.00 er eit tilbod til alle utviklingshemma i alle aldrar i heile kommunen. Sosialt treff, musikk og felles måltid. Pris: 50 kr per pers, til eit lodd og mat. Kontakt kyrkjekontoret på telefon 400 03 316 .
Tilgjengeprisen
Tilgjengeprisen vert årleg delt ut av Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Øygarden kommune til ein einskildperson, organisasjon, bedrift eller offentleg etat som har gjort ein særs verdfull innsats for å betra tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne i lokalmiljøet eller kommunen. Her finn du meir informasjon og korleis ein kan nominera kandidatar
Sist endra 28.04.2023 12.41