Når du slettar seksjoneringa på ein eigedom, eig du ikkje lengre ein seksjon, men ein andel av grunneigedomen. Dersom det berre er nokre seksjonar som skal slettast, gjerast dette ved ein reseksjonering.
Kriterier for å sletta seksjonering
- Alle seksjonseigarar må signera på søknaden.
- Når det fins bustader i sameiget, og fleire enn éin person er heimselshavar i sameiget, må de leggja ved ein erklæring om at den einskilde heimselshavar ikkje har eksklusiv bruksrett til ein einskild bustad. I denne erklæringa må de forklara kva som er årsaka til at seksjoneringa skal slettast.
- Dersom det er tinglyst pant eller urådighet i eigedomen, må det leggjast ved skriftleg samtykke frå panthavarane eller urådighetshavarar.
- Både erklæring og samtykke må vera på papir, i original form.
Slik søkjer du
Du søkjer om å sletta ein seksjonering ved å fylla ut søknadsskjema Begjæring om oppheving av seksjonering.
Søknad om å sletta ein seksjonering (skjema kjem)
Send inn søknad
Levér skjema til oss per post eller ved oppmøte. Det kan ikkje leverast digitalt, då vi må ha originale signaturar.
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong
Sist endra 12.05.2025 09.39