Reseksjonering

Reseksjonering er å endra ein allereie seksjonert eigedom. Dersom det er ønske om endring for ein seksjonert eigedom, må det søkjast om reseksjonering.

Slik søkjer du 

Du søkjer om reseksjonering ved å fylla ut søknadsskjema, søknad om seksjonering 

Søknad om reseksjonering

Sjå rettleiing til utfylling av søknadsskjema for reseksjonering

Du skal berre føra opp seksjonar som skal endrast. Kven som skal signera søknadsskjemaet, varierer etter kva de ønskjer å endra. Sjå oversikt over kven som skal signera søknadsskjemaet

Dokumentasjon til søknad

  • Eksisterande tinglyst seksjoneringsøknad. Både situasjonsplan og planteikningar. Dette tingar du hjå Kartverket 
  • Situasjonskart over eigedomen som viser eigedomsgrenser og busetnad på eigedomen. Les meir og bestill situasjonskart 
  • Planteikningar over alle etasjane i bygninga, inkludert kjellar og loft der det vert gjort endringar mellom brukseiningar og fellesareal. Teikningane skal tydeleg visa dei nye grensene for brukseiningane av dei enskilde romma.

Send inn søknad

Søknad med vedlegg skal sendast til kommunen:

Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Søknaden skal leverast i to eksemplar, alle i orginal då det er krav til orginale signaturar vidare mot tinglysinga.

Seksjonering av uteareal

Sjå eiga side for seksjonering av uteareal

Pris for oppmåling

Her finn du prisar for oppmåling