Seksjonering av uteareal

Skal du ha ei permanent oppdeling av utearealet i sameige, må det søkjast samstundes med søknad om seksjonering/reseksjonering. Dei fordelte uteareala vil då tilhøyra dei ulike seksjonane, og kan ikkje endrast på utan samtykkje frå den eller dei som eig seksjonane. 

Føresetnader og krav 

I utgangspunktet står du fritt til å fordela utearealet slik du sjølv vil. Det er likevel to vilkår som må vera oppfylt:

Alle som eig ein seksjon skal behalda moglegheiten til å koma fram til eigen seksjon frå fellesarealet.

Uteareal som er vedteke som fellesareal i byggjeløyve eller reguleringsplan, kan ikkje fordelast til einskilde seksjonar. Desse må framleis vera fellesareal. 

Slik søkjer du 

Du søkjer om seksjonering av utearealet ved å fylla ut søknadsskjema for Rekvisisjon av oppmålingsforretning.

Søknad om oppmålingsforetning

Skal du seksjonera utearealet, behandlar vi dette som ein seksjoneringssak.
Du kan fordela uteareal samstundes som du seksjonerer første gong eller ved reseksjonering.

Dokumentasjon til søknaden 

  • Situasjonskart der du har teikna inn fordelinga av uteareala. Du må markera tydeleg kvart uteareal med "Seksjonsnummer" og fellesareala med "Fellesareal". Les meir og bestill situasjonskart

Søknadsskjemaet skal vera vedlegg til seksjonering/reseksjonering  søknaden.

Dersom areala er koordinatfestet i plan eller allereie målt inn, kan vi dela opp utearealet digitalt utan oppmålingsforretning.

Pris for oppmåling

Her finn du prisar for oppmåling