Straumstønad

Regjeringa har innført ei støtteordning for straum for å hjelpe med å handtera ekstraordinære straumprisar. Ordninga gjeld straumforbruk frå og med desember 2021 til og med mars 2023.

Lese meir om ordninga her

Bakgrunn

Øygarden kommune har den siste tida motteke mange førespurnader om straumstønad og ønskjer å informere om kven denne ordninga gjeld for og korleis du kan få stønad for din eigedom.

Kommunen har ikkje noko å gjere med ordninga for straumstønad. Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som er rette myndigheit til å avgjere kven som har rett på stønad. NVE hentar likevel informasjon om eigedomen frå matrikkelen, som kommunane nyttar for registrering av bustader.

Retting i matrikkelen

Det er berre heilårsbustader som gjev ein rett på straumstønad. Du finn informasjon om kva eigedomen din er registrert som på https://seeiendom.kartverket.no/. Dersom du meiner at bygninga er godkjent som bustad etter plan- og bygningslova, kan du sende krav om retting av matrikkelen til postmottak@oygarden.kommune.no.

Dette vil føre til at du kan få straumstønad, men kan og gjere at satsane for kommunale avgifter og grunnlaget for eigedomskatt vert endra.

Bygningar som er bygd og registrert som fritidsbustad/hytte er ikkje omfatta av ordninga, og kan ikkje krevje retting i matrikkelen.

Bruksendring

Viss du har ein fritidsbustad som du ønskjer å få straumstønad for, må du søkje om bruksendring. Ligg eigedomen område regulert til fritidsbebyggelse, krev bruksendringa dispensasjon. Ein kan ikkje forventa å få innvilga dispensasjonen. Ved ei eventuell bruksendring frå fritidsbustad til bustad, må ein og oppfylle alle gjeldande tekniske krav, samt krav i plan. Bruksendring krev søknad og bruk av ansvarlege føretak.

Kven skal du kontakta

Viss du har ein eigedom du meiner kjem inn under ordninga, må du kontakte din nettleverandør.

Andre kjelder: