Rettleiarar i høve bygging
1. Sjekk om du må senda inn byggjesøknad
Sjekk først om du må søkja, om du kan søkja sjølv eller om fagfolk må søkja for deg.
2. Sjekk planar og reglar for eigedomen din
Før du byggjer, riv eller endrar, må du sjekka kva planar og føresegner som gjeld for eigedomen din. Planar og føresegner er avgjerande for kva du kan gjera av endringar og kva du kan bruka bygget på eigedomen din til.
Finn kva plan som gjeld for eigedomen din
3. Private rettar
Ved søknad om tiltak etter plan- og bygningslova er det krav at byggjetomta har privatrettsleg sikra rett for tilkomst, vatn- og avlaup. Retten bør vera tinglyst, sjå rettleiing frå Statsforvaltaren i Vestland (PDF, 216 kB). Dette vil vera aktuelt ved tiltak som frådeling av eigedom, oppføring av bustadhus, bruksendring av byggverk mv. For andre tiltak, som ved oppføring av naust, er ikkje dette eit krav.
Bakgrunnen for kravet er å sikra at tiltaket kan verte brukt og dei samfunnsmessige omsyna som lova skal sikra etter kap. 27. Dokumentasjonskravet vert oppfylt ved å senda inn kopi av tinglyste rettar saman med søknaden. Dersom det ikkje er mogleg å få tinglyst retten(ane) må du opplysa om dette i søknaden og grunngje årsaka.
På nettsida til Kartverket kan du sjå kva som er tinglyst på eigedomen. Dersom du ikkje har tinglyst rettane kan du ordne det via nettsida til Kartverket. Her finn du skjema som du kan fylla ut og senda inn elektronisk til Kartverket. Du kan også senda inn søknad om tinglysing på papir til Kartverket. Kartverket tek gebyr for tinglysing som er lågare ved digital søknad. For meir informasjon om dette sjå nettsida til Kartverket. Du kan også venda deg til Kartverket med spørsmål, sjå nettsida til Kartverket for kontaktinformasjon.
Når retten er tinglyst legg du ved kopi saman med søknaden etter plan- og bygningslova til kommunen. Byggjesak vil vurdera om rettane set krava etter plan- og bygningslova kap. 27. Dersom du ønskjer rettleiing frå kommunen i ei byggjesak kan du bestilla time til førehandskonferanse. Du kan også ta kontakt med byggjesak på telefon med spørsmål.
4. Samla alt du du må ha med i byggjesøknaden
- Skriv ut situasjonskart via vår kartportal og teikn byggetiltaket med mål inn på dette kartet
- Få nokon til å teikna tiltaket for deg, eller teikn sjølv. Teikningar som skal vera med søknaden er målsette fasadeteikningar, planteikningar og snitt-teikningar. Det vert stilt krav om at teikningane er godt utførte.
Teikningar og situasjonskart kan lastast opp i den elektroniske søknaden, eller sendast til oss på papir per post til Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong
Dersom kommunen har tidlegare teikningar frå eigedomen din, kan du bestilla kart og eigedomsinformasjon her.
5. Varsla naboane dine
Når du har samla alle dokumenta du treng i byggjesøknaden din, må du varsla naboar. Du treng ikkje varsla naboane om du skal gjera mindre arbeid som ikkje påverkar dei.
Etter at varsla er sendte, skal naboane få minst 14 dagar til å uttala seg om tiltaket. Naboane skal senda merknadane/kommentarane sine til deg.
Bestill nabovarsel
Dersom du ikkje kan senda inn nabovarsel elektronisk, finn du søknadsblankettar på nettsidene til direktoratet for byggekvalitet.
Dokumentasjon som må vera med i nabovarsel:
- ein kopi av nabovarsel
- ein kvittering som viser at naboane har motteke varsel
- eventuelle merknadar frå naboane
- eventuell grunngjeving for at naboane ikkje er varsla. Kommunen kan likevel kreve varsling av naboer og gjenbuarar som ikkje er varsla, dersom den finn at vilkåra for unnlatt varsling ikkje er oppfylt. Kommunen kan også kreva at andre eigarar eller festarar enn dei som er nemnd i første ledd, skal varslast, jf. pbl. § 21-3.
6. Send inn søknad
Søknaden kan sendast inn til kommunen på ulike måtar
- Via ByggSøk som er ei elektronisk løysing der skjema vert fylt ut på nettet, vedlegg vert lasta opp og søknaden vert send til kommunen.
- Via e-post til: postmottak@oygarden.kommune.no
Send inn elektronisk byggesøknad
Dersom du ikkje ønskjer å senda søknaden elektronisk, kan den sendast per post til
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong
Mindre byggeprosjekt
Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har laga eit oversyn over enkle skjema for nabovarsling og byggesøknad for mindre byggetiltak.
Søknadsskjema for mindre byggetiltak på bustadeigedom
Dersom du ikkje kan senda inn byggesøknaden elektronisk, finn du søknadsblankettar på nettsida til direktoratet for byggekvalitet
Rettleiing frå Direktoratet for byggkvalitet
Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har laga ein rettleiar for kva som må gjerast når du skal søkja sjølv