Byggsøknad for fagfolk

Her finn du oversikt over dei ulike elektroniske søknadsløysingane for innsending av byggesøknadar til kommunen.

1. Sjekk planar og vedtak for eigedomen

Før du byggjer, riv eller endrar må du sjekka kva planar og vedtak/retningslinjer som gjeld for eigedomen din. Planar og vedtak er avgjerande for kva du kan gjera av endringar og kva du kan bruka bygget på eigedomen din til.

Finn kva plan som gjeld for eigedomen din

2. Samla alt du du må ha med i byggesøknaden

Skriv ut situasjonskart og teikn byggetiltaket med mål inn på dette kartet.

Få nokon til å teikna tiltaket for deg, eller teikn sjølv. Teikningar som skal vera med søknaden er målsette fasadeteikningar, planteikningar og snitt-teikningar. Det er krav om at teikningane er godt utførte. 

3. Private rettar

Ved søknad om tiltak etter plan- og bygningslova er det krav at byggjetomta har privatrettsleg sikra rett for tilkomst, vatn- og avlaup. Retten bør vere tinglyst, sjå rettleiing frå Statsforvaltaren i Vestland (PDF, 216 kB). Dette vil vere aktuelt ved tiltak som frådeling av eigedom, oppføring av bustadhus, bruksendring av byggverk mv. For andre tiltak, som ved oppføring av naust, så er ikkje dette eit krav.

Bakgrunnen for kravet er å sikre at tiltaket kan verte brukt og dei samfunnsmessige omsyna som lova skal sikre etter kap. 27. Dokumentasjonskravet vert oppfylt ved å sende inn kopi av tinglyste rettar saman med søknaden. Dersom det ikkje er mogleg å få tinglyst retten(ane) må du opplyse om dette i søknaden og grunngje årsaka.

På nettsida til Kartverket kan du sjå kva som er tinglyst på eigedomen. Dersom du ikkje har tinglyst rettane kan du ordne det via nettsida til Kartverket. Her finn du skjema som du kan fylle ut og sende inn elektronisk til Kartverket. Du kan også sende inn søknad om tinglysing på papir til Kartverket. Kartverket tek gebyr for tinglysing som er lågare ved digital søknad. For meir informasjon om dette sjå nettsida til Kartverket. Du kan også vende deg til Kartverket med spørsmål, sjå nettsida til Kartverket for kontaktinformasjon.

Når retten er tinglyst legg du ved kopi saman med søknaden etter plan- og bygningslova til kommunen. Byggjesak vil vurdere om rettane settar krava etter plan- og bygningslova kap. 27. Dersom du ønskjer rettleiing frå kommunen i ei byggjesak kan du bestille time til førehandskonferanse. Du kan også ta kontakt med byggjesak på telefon med spørsmål.

4. Varsla aktuelle naboar, gjenbuarar og eventuelle offentlege instansar

Behandling av byggesøknadar går raskare dersom du har henta inn uttalar og varsla aktuelle naboar og offentlege/private instansar før du sender inn byggesøknaden.

5. Send inn søknad

Søknaden kan sendast inn til kommunen på ulike måtar:

  • Via ByggSøk som er ein elektronisk løysing der skjemaer vert fylt ut på nettet, vedlegg vert lasta opp og søknaden vert sendt til kommunen.
  • Via tenesta Fellestjenester BYGG finn du fleire søknadsløysingar som du kan bruka.
  • Via e-post til: postmottak@oygarden.kommune.no

Send inn elektronisk søknad

Send inn elektronisk søknad via Fellestjenester BYGG

Dersom du ikkje har høve til å senda inn byggesøknaden elektronisk, finn du søknadsblankettar på nettsidene til Direktoratet for byggekvalitet

Dersom du ikkje ønskjer å senda søknaden elektronisk, kan han sendast pr. post til
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong