Vedtekne adressenamn

Øygarden kommune, delegert til namnemynde ved Eining plan, geodata og oppmåling, vedtok 27.10.2022 i sak 004/22, åtte vegadressenamn.

Kunngjeringsdato: 01.11.2022
Merknadsfrist: 22.11.2022
Saksnummer: 004/22

  • Tveitagarden (Tveita)
  • Angeltveittunet (Angeltveit)
  • Katthøljen (Angeltveit)
  • Jervhelledalsvegen (Torsvik)
  • Indre Svanevågen (Breivik)
  • Kleppedalsvegen (Toft/Torsvik)
  • Brennene (Blomvåg)
  • Goltastraumen (Nedre Golta)

Du har rett til å klaga

Vedtak kan påklagast av dei som etter Stadnamnlova § 6 (bokstav a-c), har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn Jf. Stadnamnlova § 12 – Klage:

  • eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd
  • eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom
  • ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn

Eventuell klage kan sendast til: postmottak@oygarden.kommune.no,

Eller som brevpost til:
Øygarden kommune 
v/ Geodata og oppmåling 
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Klagefrist

Klagefrist er 3 veker frå kunngjering (22.11.2022). Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan fristen, jf. forvaltningslova §§ 29 og 30. Klaga skal grunngivast og sendast skriftleg til kommunen, jf. forvaltningslova §32.

Klageretten begrensar seg til skrivemåte av namnet, ikkje vegparsellinndeling eller val av namn.
Kommunen handsamar klagen i tråd med gjeldande lovverk. Dersom klagen ikkje vert teke til følgje, vert saka sendt til Klagenemnda for stadnamnsaker. Klagenemnda sitt vedtak er endeleg.

Dokument i saka