Varsel om oppstart av Detaljregulering for Vestra Marka GBNR 24/201 m.fl - Landro

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av Detaljregulering for Vestra Marka GBNR 24/201 m.fl - Landro, planID: 20230006.

HOLON Arkitektur AS har sendt inn planinitiativ på vegne av forslagsstillar Jonny Landro.

Kunngjeringsdato: 22.12.2023.
Merknadsfrist: 29.01.2024.
Saksnummer: 23/10394
Arealplan-ID: 20230006
Opne i plankart 
Plandokument
Status: Planoppstart
Gardsnamn: Landro

Kort om planen

Oppstartsmøte for planen vart halde den 06.09.2023.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utbygging av eit nytt bustadområde i tråd med overordna planar. Førebelse utgangspunkt er omtrentlege 70 - 80 nye bustader. Viktige tema i planarbeidet vil være trygg skuleveg, tilkomst, terrengtilpassing, omsyn til steingardar og vassdraget Vadet.  Planområdet ligg i kort avstand til service- og sosiale tilbod på Ågotnes, og i nærleiken av Landro skule og Landro kyrkje. Det skal leggjast til rette for eit bustadprosjekt tilpassa staden, med svært gode bukvalitetar som sol- og lystilhøve, med leikeplassar og uteopphaldsareal.

Tiltaket kjem ikkje inn under KU-forskrifta § 6 og § 8.

Figur 1: Planstatus og utsnitt over planområde i gjeldande kommuneplan (Fjell).   - Klikk for stort bileteFigur 1: Planstatus og utsnitt over planområde i gjeldande kommuneplan (Fjell).

Området er ikkje regulert, men grensar til Detaljreguleringsplan for Landro gravplass, gnr 24, bnr 7 m.fl.- Landro. Plan-ID: 124620170010. Deler av denne planen vil verte erstatta om den vert råka.

Planstatus

I kommuneplanen sin arealdel (Fjell) er området avsett til til framtidig busetnad. Området ligg òg innanfor omsynssone H810_58, som sett krav til felles planlegging, og skal sikre at utbygginga tek omsyn til grøne strukturar, og legge til rette for alternativ bruk av tidlegare landbruksjord. I dag er planområdet omfatta av einebustadar og nokre fritidsbustader. I samfunnsdelen til kommuneplanen 2022 – 2034 ligg planområdet innanfor kommunedelsenteret Ågotnes.

Figur 2: Varslingsgrense over planområde.   - Klikk for stort bileteFigur 2: Varslingsgrense over planområde.

Dokument i saka

Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister.

Saksgang

I denne fasen, kan ein sende inn merknad til oppstart av planarbeidet. Alle merknadar som vert sendt inn skal bli vurdert av plankonsulent. Etter at meldingsfristen er gått ut vil plankonsulent utarbeide eit planforslag, som vert sendt til Øygarden kommune for vurdering og saksbehandling. 
Etter 1. gangsbehandling vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vera mogleg å koma med merknadar til planframlegget før vidare politisk behandling.

Heile planprosessen kan du følgje via postlistene til Øygarden kommune. Søk etter saksnr. 23/10394

Har du merknadar til planarbeidet?

Spørsmål og merknad kan du sende til plankonsulent HOLON Arkitektur AS ved Aslaug Sæther:

Pr brev:  
HOLON Arkitektur AS ved Aslaug Sæther
Tollbodallmenningen 2A
5004 Bergen

Pr e-post: 
aslaug@holon.no, eller telefon 415 06 870.

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 29.01.2024.