Kartverket reiser namnesak, sak 2022/450

I medhald av §8 i stadnamnlova vert ei rekkje stadnamn no lagt ut på høyring.

Kunngjeringsdato: 13.01.2023
Merknadsfrist: 06.02.2023
Saksnummer: 22/15601
​​​​​​​Status: Høyring

Om høyringa

Kartverket reiser namnesak for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk. Sjå liste over namn (PDF, 201 kB)

Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av m.a. naturnamn, nedervde gards-og bruksnamn, seternamn og statlege anlegg. Før Kartverket gjer vedtak, har kommunen rett til å uttala seg. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til.

Kommunen ønskjer også innspel frå innbyggjarar dersom dei kjenner lokal dialektuttale/har informasjon om stadnamna, sjølv om dei etter lova ikkje har rett til å uttale seg. 

Etter stadnamnlova §4 skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Difor vert det presisert at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet vert uttalt på ulike måtar, bed ein om å få opplyst dei forskjellige uttaleformene.

Sjå nettsida til norgeskart for fleire opplysningar om namn. Søk på stadnamnet.
Somme bruksnamn står berre i matrikkelen og kan søkjast opp på nettsida til Kartverket. Søk på: gnr./bnr., namnet på kommunen.

Oppstartsbrev frå Kartverket (PDF, 232 kB)

På nettsida til kommunekart kan du sjå kart over plassering av namna 
Raud markering er primærnamnet med avleiingar som Kartverket skal vedta, blå markering er namn som må behandlast av kommunen når Kartverket har fatta vedtak på primærnamna (for det meste er dette adressenamn).

Innsending av innspel

Eventuelle merknader og innspel kan sendast til:

Frist for å senda inn merknad og innspel er 6. februar 2023. Vis til saksnr. 22/15601.