Endeleg planvedtak - Områderegulering for Bildetangen - GBNR 34/2 m.fl. - Bildøyna

Kommunestyret i Øygarden har i møte 22.02.2024, sak 20/1634 , vedteke Områderegulering for Bildetangen - GBNR 34/2 m.fl. - Bildøyna med planID: 124620140001, i samsvar med plan- og bygningslova §12-12. 

Kunngjeringsdato: 05.03.2024.
Klagefrist: 26.03.2024.
Saksnummer: 20/1634
Arealplan-ID: 124620140001
Opne i plankart
Plandokument 
Status: Endeleg vedteken plan
Gardsnamn: Bildøyna

Kort om planen

Områderegulering for Bildetangen er ei offentleg plan utarbeidd i samarbeidd med privat aktør, Prosjekt kystby AS. 
Områderegulering for Bildetangen er ein offentleg plan som er utarbeidd i samarbeid med ein privat aktør, Prosjekt kystby AS.

Planområdet er på vel 400 daa og strekk seg frå Rv. 555 i sør til Apalneset nord på Bildøyna. Formålet med planen er å vende kommune- og regionsenteret mot sjøen, ved å skape eit urbant område med eit levande bumiljø, arbeidsplassar, kulturtilbod, servicefunksjonar og grøne kvalitetar. Utbygginga skal bygge opp under og styrka samanhengen mellom Bildøyna og Straume sentrum. Planen regulerer 15 delfelt for sentrumsutvikling og opnar for etablering av omlag 3500 bustadeiningar og nærings- og handelsareal. Vidare regulerer planen ein hovudvegtrasé inn i område med tosidig fortau, sykkelfelt og gatetun. Det er også regulert grønstruktur med kulturminne, park og turveg. Områdereguleringa fastsett kor tilkomsten til områda på austsida av Nordre Bildøyna («hytteområdet») kan kome.

Samla sett utgjer områdereguleringa eit stort utviklingsområde som det vil ta fleire tiår å utvikla. Det er derfor lagt opp til ein utbyggingstakt i to trinn, der den sørlegaste delen blir  bygd ut først. Det langsiktige utbyggingsperspektivet har resultert i ein plan som er overordna og som i hovudsak fastsett rammer og føringar for fleire framtidige detaljreguleringsplanar.

Kvart av dei 15 delfelta skal verte detaljregulert før utbygging. Det er krav til at det i detaljreguleringsplanane skal utarbeidast ulike analysar og utgreiingar, t.d. stadsanalyse, trafikkanalyse og mobilitetsanalyse. Heilt nord i området, ved Apalvika, legg områdereguleringa opp til at det skal verte detaljregulert for t.d. bystrand, strandpromenade og kaianlegg, i tillegg til bustader og handel- og næringsareal.

Plankart for Bildetangen - Klikk for stort bileteVedteke plankart for Bildetangen

Dokument i saka

Plandokument er tilgjengeleg i det offentlege planregisteret til kommunen

Du har rett til å klage

Vedtak gjort av kommunen etter plan- og bygningslova kan bli klaga på til Statsforvaltaren av part, eller andre med rettsleg klageinteresse, jf. plan- og bygningsloven § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.

Klagefristen er tre veker frå det tidspunktet underretning om vedtaket er motteke av
vedkommande part, dvs. vart lagt i dykkar postkasse, postboks eller vart overlevert på annan
måte. Klaga må setjast fram skriftleg.

Klage skal stilast til klageorganet (Statsforvaltaren), men sendast til Øygarden kommune som:

Dersom klagebrevet vert postlagt innan klagefristen, er dette tilstrekkeleg for at klaga er framsett i tide. Ei klage er å rekna som offentleg dokument, og kjem på postlistene til kommunen. Vi ber om at de ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt saksnr. 20/1634.

Sjølv om klagerett ligg føre kan som regel vedtaket verte gjennomført straks. Det er likevel mogleg å be om at iverksetjing av vedtaket vert utsett inntil klagefristen er ute eller klaga er endeleg avgjort, jf. forvaltningslova § 42. Kommunen si avgjerd om å gje eller avslå ein slik førespurnad om utsett iverksetjing er ikkje eit enkeltvedtak som kan bli klaga på.