Detaljregulering for Maimyra - Gbnr. 42/171 m.fl. - Brattholmen

Kommunestyret i Fjell kommune vedtok planen i møte 12.12.2019, sak KS 58/19.

Kunngjeringsdato: 14.02.2020
Merknadsfrist: 06.03.2020
Saksnummer: 20/1463
Arealplan-ID: 124620160011
Opne i plankart
Status: Godkjent plan
Gardsnamn: Straume

Kort om planen

Planen er eit privat initiativ, der Ard arealplan AS på vegne av B Telle eigedom AS har utarbeidd forslag til detaljregulering for Maimyra. Planområdet ligg på Brattholmen, omkring 100 meter frå Brattholmen skule. Innanfor planområdet ligg det i dag ei myr. Området er elles ubygd, og består av eldre innmark og skog. Delar av planområdet vert nytta til dumping av fyllmassar.

Planforslaget legg til rette for totalt 72 bustader i form av rekkjehus og leiligheitsbygg, med tilhøyrande infrastruktur. Det vert også lagt til rette for ulike leike- og uteopphaldsareal tilpassa ulike aldersgrupper.

Du har rett til å klaga

Som part i saka eller ved rettsleg klageinteresse, kan du senda klage på vedtaket. Klagefrist er 06.03.2020. Klagen bør vera kortfatta, presis og grunngjeven. 

Dokument i saka

Verknad av planen

Planen er bindande for alt arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet.

Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova må vera sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.

Reglane for innløysing er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. Sjå til plan- og bygningslova for fullstendig oversikt over reglane. Det er òg mogleg å ta kontakt med  kommunen for utfyllande informasjon.

Tek du kontakt med kommunen ber vi om at du viser til saksnummer: 20/1463