Breibandsutbygging, kartlegging 2023

Øygarden kommune har gjennom mange år bidrege til utbygging av breiband til innbyggjarar og næringsliv.

Ill. Mostphotos - Klikk for stort bileteIll. Mostphotos

Du finn info om pågåande utbyggingsplanar på denne lenka.

Ny søknadsrunde

Vestland fylkeskommune lyser ut nye midlar til breibandsutbygging. Kommunen vurderer å søkja om tilskot til breibandsutbygging: Vi ber derfor om tilbakemelding frå verksemder og innbyggjarar med heilårsbolig som opplever å ikkje ha breiband, eller at tilbodet ikkje er godt nok.

Tilbakemelding til kommunen

Vi ønskjer di tilbakemelding til e-post-adresse rune.landro@oygarden.kommune.no innan 16. april 2023. Hugs å senda med adresse eller gardsnr/bruksnr for aktuell eigedom.

Ta gjerne kontakt med Rune Landro, på e-post eller telefon 56 38 54 02, om du har spørsmål til saka.