Mottak og levering av reine massar av jord og stein

Er du grunneigar eller entreprenør og vil ta imot reine massar av jord og stein? Kontakt kommunen før du går i gang med å planlegge mottak av reine massar av jord og stein. Dette gjeld uansett størrelsen på utfyllinga. Det er viktig å få avklara på førehand kor vidt tiltaket krevjer løyve etter ulike regelverk.  

Kontakt kommunen for rettleiing

Ta kontakt på e-post postmottak@oygarden.kommune.no eller ring 56 16 00 00 og spør etter Landbruk. Du kan og bestilla førehandskonferanse.

Tiltak i utvalde naturtypar (naturbeitemark, hagemark, kystlynghei med fleire) er alltid søknadspliktige, uansett størrelse. Det same gjeld nydyrkingstiltak, tiltak som rører ved myr/vassdrag, eller kulturverdiar som steingardar, steinhus og liknande, eller tiltak som fører med seg ulemper for naboar t.d. frå transport, støv, støy m.v. Mindre utfylling som ikkje kjem borti denne type interesser, kan vere unnateke søknadsplikt. Det er likevel kommunen som avgjer om eit tiltak er søknadspliktig eller ikkje. Sørg difor for å få avklara med kommunen FØR du set i gang, kor vidt tiltaket er søknadspliktig, slik at du unngår å gjere noko ulovleg.  

Om det vert fylt massar ulovleg på område kor du er grunneigar eller entreprenør,  kan det føre til at du får krav om retting/tilbakeføring, ilegging  av tvangsmulkt og/eller at tilhøvet vert anmeldt for miljøkriminalitet.

Er du transportør som vil tippe reine massar av jord og stein i Øygarden kommune? 

Sjekk om staden du du er invitert til å tippe jord og stein, har gyldig løyve til dette. Be om kopi av løyve og ta vare på dette. NB! Sjekk at løyvet ikkje er utgått. Kontakt kommunen om du har spørsmål.

Transportørar som leverer massar til område kor det ikkje er gjeve løyve til tiltaket, vil være ansvarlege om dei tippar massar der.  Om du tippar massar ulovleg,  kan det føre til at du får krav om retting/tilbakeføring, ilegging av tvangsmulkt og/eller at tilhøvet vert anmeldt.  

Kva slags masser er det snakk om?  

Landbruk
E-post
Telefon 56 16 00 00