Planprogram for områderegulering Energiparken Sør, PlanID 20220003

Kommunestyret i Øygarden kommune vedtok 20.12.2023, KS-sak 251/23, endeleg planprogram for områderegulering Energiparken Sør, planID 20220003.

De vert med dette gjort kjend med vedtaket.

Kunngjeringsdato: 10.01.2024
Saksnummer: 2022/6642
Plandokument
Status: Planprogram
Gardsnamn: Blom

Om planprogrammet

Planarbeidet skal legge til rette for storskala industrietablering i Energiparken Sør. Arbeidet vil ikkje avklare alle detaljar kring ei utbygging, men vil synleggjere konsekvensar av ei slik utbygging og sikre at den vil gjennomførast på ein forsvarleg måte. I dette ligg det mellom anna krav til klimarekneskap, massehandtering, landskapsvurderingar og vurderingar kring samfunnsrisiko, risiko og tilhøve for lokalsamfunnet.

Det var ikkje store endringar i planprogrammet frå det offentlege ettersynet og dei fleste av merknadene er relevante inn mot 1. gangs handsaming av eit planforslag. Følgjande endringar vart gjort i planprogrammet:

  • Konkretisering og spissing av type industri. 
    • Petrokjemisk prosessindustri med karbonfangst- og lagring. Det er desse verksemdene som i størst grad følgjer opp Energiparken Sør sine særeigne fortrinn.
  • Konkretisering av metode for konsekvensutgreiingar. Det er konkretisert at miljø- og klimautgreiingar bør følgje Miljødirektoratet sin nye rettleiar.
  • Skjønnsmessige endringar etter innspel frå høyringspartar. Det er innarbeida presiseringar og utvida informasjon der ein har opplevd behov for utdjuping.
  • Framdriftsplanen er oppdatert etter høyringa. 

Vidare prosess for områderegulering Energiparken Sør vil no vere utarbeiding av eit planforslag fram mot hausten 2024. Alle høyringspartar vil bli involvert i vidare prosess.

Figur 1 Planområde Energiparken Sør - Klikk for stort bileteFigur 1 Planområde Energiparken Sør


Endeleg planprogram, saksframlegg, plandokumenter og merknadshandtering er tilgjengleg i kommunen sitt planregister. Her vil og vidare politiske handsamingar av planen verte oppdatert fortløpande.

Fastsetting av planprogram er ikkje eit enkeltvedtak, og det er difor ikkje klagerett på vedtaket etter forvaltningslova.