Kunngjering av fastsett planprogram for detaljregulering for Varden, GBNR 41/466 m.fl. – Valen

Utval for plan i Øygarden kommune har i møte den 31.08.2023, i sak 080/23, gjort vedtak om å fastsette planprogram for Detaljregulering for Varden, Gbnr 41/466 m. fl. – Valen, datert 14.08.23. 

Saksnummer: 20/8482
Arealplan-ID: 20220006
Opne i plankart
Plandokument
Status: Kunngjering av fastsatt planprogram
Gardsnamn: Valen

Vedtak i utval for plan (UFP)

Utval for plan vedtek å fastsette planprogram for Detaljregulering for Varden, Gbnr 41/466 m. fl. – Valen, datert 14.08.23. Vedtaket fattast i medhald av plan- og bygningslovens § 12-9 og § 4-1, med følgjande vedtakspunkt: 

  1. Konsekvensutgreiingane som går fram av planprogrammet skal utarbeidast før utarbeiding av plandokumenta. Dette for å sikra at planforslaget som vert utarbeidd samsvarar med arealstrategiane til kommunen.
  2. Det skal gjerast ei politisk behandling av kunnskapsgrunnlaget frå konsekvensutgreiingane som skal vera grunnlag for vidare planarbeid. 
  3. Før kunngjering av planprogram må konsulent justere framdriftsplanen og legge inn fase for utarbeiding av konsekvensutgreiing og fase for politisk behandling.

Planprogrammet

Forslag til planprogram låg ute på høyring frå 30.06.22 til 01.09.22, samstundes med varsel om oppstart av planarbeidet. 

Planprogrammet gjer greie for bakgrunn, planavgrensing og føremål for planarbeidet. Vidare gir den ei oversikt over kommunale planar som ligg til grunn, regionale og nasjonale rammer og føringar, medverknad, planprosess, kunnskapsgrunnlag, konsekvensutgreiingstema og behov for utgreiingar.

Tema som skal konsekvensutgreiast er 

  • Infrastruktur og trafikk 
  • Verdiskaping og Næringsutvikling 
  • Landskap og estetisk utforming av omgjevnadane, avgrensing mot aust.

I framdriftsplanen er det skissert at det skal utarbeidast konsekvensutgreiingar i løpet av 2023, utarbeiding av planforslag i 2024, og sluttbehandling i 2025. 

Plankart

Plankart for detaljregulering for Varden på Valen - Klikk for stort biletePlankart for detaljregulering for Varden på Valen

Dokument i saka

Dokument i saka er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister.