Høyring: Handlings- og økonomiplan 2027-2030 og budsjett 2027

Formannskapet si tilråding til budsjett 2027 og handlings- og økonomiplan 2027–2030 er lagt ut til offentleg gjennomsyn. Innbyggjarar, organisasjonar og andre interesserte kan koma med merknader til framlegget i høyringsperioden.

Kunngjeringsdato: 18.11.2026
Merknadsfrist: 06.12.2026
Saksnummer: 26/1872

Dokument i saka

For nærare informasjon vert det vist til følgjande dokument:

Budsjettframlegg frå politiske parti

Det vart lagt fram budsjettframlegg frå følgjande parti i formannskapet 17. november 2026:

Framlegga vart ikkje tekne opp til realitetsbehandling i formannskapet, men vert rekna som innspel til den vidare behandlinga av handlings- og økonomiplanen og årsbudsjettet.

Parti som ikkje la fram budsjettframlegg i formannskapet, kan fremje framlegg i samband med kommunestyret si behandling av saka.

Sjå folkevalde sine spørsmål og svar til budsjettframlegget

Som del av budsjettarbeidet kan dei folkevalde stilla spørsmål til administrasjonen. Alle spørsmål og svar vert publiserte i Framsikt og er tilgjengelege for innbyggjarane. Dokumentet vert oppdatert fortløpande gjennom budsjettprosessen.
– Lenke til innkomne spørsmål og svar

Endeleg behandling

Kommunestyret skal behandla og vedta handlings- og økonomiplan 2027-2030/ budsjett 2027 i møte 10. desember 2026.

Møtet vert sendt direkte i kommune-TV og vil vere tilgjengeleg i opptak i etterkant. 
Innbyggjarar og andre interesserte kan følgje behandlinga via kommune-TV.

Send inn merknader innan 6. desember

Du kan senda inn merknader eller innspel til budsjettframlegget innan 6. desember 2026. Vi oppmodar om at merknadene er kortfatta, presise og grunngjevne.

Merknader kan sendast på følgjande måtar:

Alle innkomne merknader vil inngå i grunnlaget for den vidare politiske behandlinga av saka.