Meistring av depresjon, stress og belastning

Kurset går over fem kursdagar, á to timar per veke. Sjå på kursoversikt for det kurset du er interessert i.

Ill. Meistring av depresjon_stress og belastning - Klikk for stort bilete

Innhald

Kurset viser korleis du, ved hjelp av kognitive teknikkar, kan bli meir merksam på korleis tankar, kjensler, handlingar og åtferd gjensidig påverkar kvarandre.

Målgruppe

Dette er eit lågterskeltilbod for innbyggjarane i Øygarden kommune og passar godt for personar med lettare til moderate psykiske vanskar knytt opp mot depressive symptom, stresskjensle, eller ei oppleving av ein belastande kvardag.

Kurs via nett

Nettkurset blir halden via videoplattforma Whereby. Dette er ei sikker løysing for pasientkontakt.

Du som deltakar får tilsendt kursmateriellet og link på mail før oppstart. Du treng ingen pålogging. Kursleiar slepp deg inn i rommet når kurset startar. Det kan ikkje komma andre inn undervegs enn dei kursleiaren slepp inn. Inne i rommet møter du dei andre kursdeltakarane og det er rom for å  snakka med andre undervegs. Det er også ein chatfunksjon viss ein vil skriva spørsmåla.

Kursleiar deler skjerm med presentasjon av stoffet. Det er kjekt om du kan ha kamera på kursdagane.

Før kurset inviterer vi deg til ein videosamtale for å konkretisera kva du ønskjer å få ut av kurset, i tillegg til at du kan få sjå korleis videoplattforma fungerer og spørja eventuelle spørsmål du måtte ha.

Pris

Kurset er gratis.

Fyll inn og send inn søknadsskjema

I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.

Evaluering av kurs

Her finn du evaluering av kurs i mestring av depresjon, stress og belastning

Kurs- og aktivitetskalendar

Datoar for neste kurs finn du i kurs- og aktivitetskalendaren vår.

Klikk her for kursoversikt