Dagtilboda våre er frivillige aktivitetstilbod på dagtid. Målet med dagtilboda er å bryta isolasjon og einsemd. Gjennom aktivitet kan ein få oppleva meistring og tilhøyrsle
Kven kan få tilbodet?
Dette er eit rusfritt tilbod for deg over 18 år, som har behov for å koma i lag med andre og gjera ulike aktivitetar. På senteret har du høve til å vera med på ei rekkje aktivitetar. Dine interesser er med på å bestemma kva du vil gjera.
Hovudtilboda er:
- Matlaging
- Handverk
- Trening
- Aktiviteter ut frå dagsenter som kino, bytur og anna.
Målsetjinga med senteret er å skapa eit sosialt fellesskap i trygge omgjevnader med høve til vekst og utvikling.
Kva kan du få hjelp til?
Nokon å vere i lag med, eta eit måltid i saman med andre. Hobbyrom, andre aktivitetar som symjing, trening.
Slik søkjer du
Du treng ikkje å søkja om plass på dagsentera.
Opningstid
Vi har aktivitetstilbod på to ulike plassar i kommunen.
- Dagsenter på Straume
Telefon: 55 09 68 98
Opningstid: kl. 10.00 - 14.00 kvar dag (måndag til fredag)
- Dagsenter i Skogsskiftet
Telefon: 56 32 78 28 | 905 15 348
Opningstid: Tysdagar og torsdagar kl. 10.00 - 14.30
Du vil få tilbod om samtale og omvisning for å finna ut om dette tilbodet er noko for deg.
Prisar
Tilbodet er gratis. Du betalar for mat og utstyr om du lager noko på hobbyrom.
Publisert 26.11.2019 08.20
Sist endra 21.10.2021 10.21