Mange tenkjer ikkje over det – men gir du støtte, hjelp eller berre er der for ein som står deg nær, er du pårørande. Det kan vera som ektefelle, forelder, barn, søsken, venn, kollega, nabo eller annan nærperson. Å vera pårørande handlar om å bry seg, og det kan vera både meiningsfullt og krevjande på same tid.
Dei fleste av oss vil vera pårørande ein eller fleire gongar i livet – til dømes for nokon med psykisk eller fysisk sjukdom, rusutfordringar, funksjonsnedsetting, alvorleg skade, avhengigheit, kriminalitet eller sorg.
Som pårørande kan du få behov for støtte, informasjon og rettleiing. I Øygarden kommune ønskjer vi å støtta deg og gjera det enklare å finna informasjon og tilbod som kan hjelpa – uavhengig av kven du er pårørande til.
Kven er næraste pårørande?
I helse- og omsorgstenestene skil lovverket mellom pårørande og næraste pårørande. Det er den som mottek tenester som sjølv bestemmer kven som skal vera hans eller hennar næraste pårørande, og dette skal opplysast til helsepersonell.
Næraste pårørande har særskilte rettar – som rett til informasjon, journalinnsyn, samtykke og å klaga på vedtak. Men alle pårørande, uavhengig av relasjon, spelar ei viktig rolle og utgjer ein uvurderleg ressurs – både for den dei er pårørande til, for tenestene og for samfunnet.
§ 1-3 Definisjoner - Helsedirektoratet
Oversikt over pårørande
Barn som er pårørande har rett til informasjon og støtte når nokon i familien er sjuk eller døyr. Du har rett til å vita kven som skal ta vare på deg, og kva hjelp du sjølv kan få. Sjølv om du føler deg stor, er det heilt normalt å trenga hjelp i ei vanskeleg tid.
Barn som pårørande
Å vere vaksen pårørande kan vera krevjande, og mange står i vanskelege situasjonar over tid utan å be om hjelp. Omsorg for ektefelle, forelder eller søsken kan påverka både kvardagen, helsa og arbeidslivet ditt. Det finst støtte og tenester du kan få – du treng ikkje stå i det aleine.
Les meir om vaksne som pårørande (Helsedirektoratet)
Denne sida er for deg som har ein relasjon til ein person som strevar med rusmiddelbruk. Å vera pårørande i slike situasjonar kan vera vanskeleg, men du er ikkje åleine.
Les meir om rusomsorg
Å vera pårørande til nokon med demens kan vera krevjande både fysisk og psykisk. Sjukdomen endrar kvardagen, og mange pårørande står i situasjonen lenge utan å be om hjelp. Du treng ikkje stå i det aleine – det finst støtte og tenester du kan få.
Les meir om demens
Når nokon du er glad i blir ramma av kreft, påverkar det heile livet. Mange pårørande opplever ansvar, uro og utmatting, samtidig som ein prøver å vera sterk. Det er hjelp å få – du skal ikkje måtta klare alt sjølv.
Les meir om kreftkoordinator i Øygarden