Barn som pårørande

Kommunen har plikt til å tilby oppfølging av barn som er pårørande. 

«Barn som pårørande» vert brukt om barn under 18 år som har ein forelder eller søsken som er pasient med psykisk liding, rusmiddelavhengigheit, alvorleg sjukdom eller skade. Pasientar med utviklingshemming eller fysisk funksjonshemming er óg omfatta. Omgrepet vert også brukt når pasientar dør. «Barn» skal tolkast vidt og uavhengig av formalisert omsorgssituasjon. Både biologiske barn, adoptivbarn, stebarn og fosterbarn er omfatta. Det same gjeld for omgrepet søsken.

Kven skal følga opp barn som pårørande?

Helsepersonell i kommunehelsetenesta skal:

  • Fanga opp barn som pårørande med behov for oppfølging frå hjelpeapparatet
  • Tilby rettleiing av foreldre og støtte til barn som pårørande
  • Vurdera om det er behov for meir omfattande hjelpetiltak, og tilvisa til rett instans om ein har samtykke
  • Samarbeida med skule og barnehage viss samtykke er gjeve

Kontaktinformasjon

Behandlingsstad: Brukar/føresett kan ta kontakt med helsepersonell i avdelinga.
Helsestasjons- og skulehelsetenesta: Ring 56 16 03 00