Langtidsopphald har eigenbetaling etter inntekt. Som inntekt reknast årets inntekter på grunnlag av pensjon, andre trygdeytingar, arbeidsinntekter, næringsinntekt, leigeinntekt, renter og annan avkastning av formue, etter frådrag av skatt og gjeldsrenter.
Har du ektefelle, sambuar eller barn under 18 år, kan du få frådrag i grunnlaget for eigenandel.
Eigenbetalingsberekninga gjeld frå den dagen det vert gjort vedtak om langtidsopphald. Det gjeld sjølv om du er på Øygarden lokalmedisinske senter, der det opphavleg ikkje er langtidsplassar, men du venter på flytting til ein av sjukeheimane i kommunen.
Du betaler som hovudregel ikkje for den første månaden i langtidsopphald på institusjon. (Unntak: Om du har hatt opphald på institusjon i meir enn 60 døgn i same kalenderår, eller har hatt langtidsopphald ved ein annan institusjon)
Pris
For inntekt opp til 1G minus fribeløp betalast det 75 prosent. 1G er folketrygdas grunnbeløp, per 01.06.25 er denne 130 160 kroner. Fribeløpet er (per 01.01.2026) 10 950 kroner. Bebuar som vert lagt på dobbeltrom, utan å sjølv ønskje det (med skriftleg informasjon om dette til institusjonen), skal ved berekning få eit auka fribeløp på 52 950 kroner.
For inntekt ut over 1G kan det betalast opp til 85 prosent, avhengig av frådrag.
Maksimalsats
Ingen skal betala meir for ein institusjonsplass enn det den reelt kostar. For 2026 er maksimalsatsar i Øygarden kommune 84 000 kroner.
Trekk frå pensjon/faktura
Langtidsopphald vert trekt direkte frå pensjonen via NAV, men berre for heile månader. Dersom du har fått tildelt langtidsplass midt i ein månad, vil vi senda faktura for dei dagane du har vore på institusjon den første månaden (fakturerast ein månad på etterskot). Nokre mottar faktura i tillegg til NAV trekk, dersom ytinga frå NAV etter skatt ikkje dekker total eigenbetaling.
Kommunen har tilgang til å ta ut den siste skattemeldinga som ligg føre og til å innhenta opplysningar frå NAV, men dei har ikkje tilgang til opplysningar om andre inntekter og utgifter. Det er difor viktig at dei får inn alle og rette opplysningar, slik at utrekninga og eigenbetalinga vert rett.
Etteroppgjer
Kvart år vert det gjort eit etteroppgjer der grunnlaget for eigendelberekningane vert samanlikna opp mot opplysningane i skattemeldinga for fjoråret. Heile årets inntekter og frådrag vert rekna med, uavhengig av vedtaksdato for langtidsopphaldet. Det skal likevel berre betalast for den mengd døgn opphaldet har vart. Berekning av etteroppgjeret viser om det er innbetalt for lite eller for mykje eigendel for fjoråret. Du vil motta eit vedtak om etteroppgjer. Ved for lite betalt får ein faktura frå kommunen. Ved for mykje betalt vert du spurt etter kontonummer kommunen kan tilbakebetale til.
Sluttoppgjer ved flytting eller dødsfall
For å avslutte teneste for langtidsopphald hos Øygarden kommune må vi gjera eit sluttoppgjer.
Sluttoppgjer er ei kontrollberekning for eit heilt år. Det vil sei alle døgna bebuaren har hatt på langtidsopphald på institusjon det aktuelle året. Sluttoppgjeret vert gjort året ETTER, når skattemeldinga for det aktuelle året før er tilgjengeleg. Eksempel: Sluttoppgjer for 2025 vert gjort når skattemeldinga for 2025 er tilgjengeleg i 2026.
Kontaktinformasjon
Det er viktig at dei som sit med eigenbetalinga har rette kontakt opplysningar når det gjeld kven som skal motta økonomibrev for bebuarane. Gje beskjed til institusjonen eller send informasjon på
e-post til eigenbetalingsgruppa.
Har du spørsmål retta til dette med eigenbetaling på institusjon, ta kontakt per e-post: egenbetaling@oygarden.kommune.no