Kva er lindrande behandling?
Lindrande behanding (palliasjon) er aktiv behandling, pleie og omsorg for pasienter med uhelbredelig sjukdom og avgrensa forventa levetid.
Om tenesta lindrande behandling
- Lindrande teneste er eit korttidstilbod til pasientar busett i Øygarden kommune.
- Vi tek imot pasientar både frå heimen og etter sjukehusopphald.
- Vi ønsker å leggja til rette for at du kan bu lenger heime eller få behandling så nær heimen som mogleg.
- Under opphaldet vil vi ha samtaler med deg og dine pårørande for å lage ein god plan for vegen vidare. Vi vil gjennomføre kartlegging av symptom og hjelpebehov. Målet vårt er at du skal ha best mogleg livskvalitet anten du er heime eller på institusjon.
Tilsette
I avdelinga vil du møte lege, sjukepleiar, helsefagarbeidar, fysioterapeut og ergoterapeut med fleire.
Det er legevisitt mandag - fredag.
Vi samarbeider med Helse Bergen/ Haraldsplass, din fastlege, kreftkoordinator, heimetenesta og hjelpemiddellageret.
Ved behov tek vi kontakt med musikkterapeut, tolk, diakon, prest, helsesjukepleiar og skule.
Fasilitetar
- Einerom med eige bad i trivelege lokale
- Tv og trådlaust internett på alle rom
- Felles måltid i daglegstova, eller på eige rom
- Kantine i 1. etasje er open frå kl.10.00 – 13.30 på kvardagar
- Tilgang til treningsrom
Besøkstid
Det er høve til besøk heile dagen. Pårørande kan overnatte på same rom ved ønske om dette.
Tilvising
Fastlege eller sjukehus kan søkje om lindrande behandling ved Øygarden lokalmedisinske senter.
Eigenandel
Eigenandelen følgjer same sats som ordinært korttidsopphald. Satsane er regulert i "Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester" §4.
Fotogalleri