Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Influensavaksine

Sesonginfluensavaksine vert tilrådd til personar som har auka risiko for alvorleg sjukdom og komplikasjonar ved influensasjukdom. Vaksinen er tilgjengeleg frå 19. oktober. 

Målgruppe

  • Gravide i 2. og 3. trimester og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
  • Bebuarar i omsorgsbustad/sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Dei som er under 65 år og er i risikogruppe.
  • Barn og vaksne med:
    - diabetes type 1 og 2
    - kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    - kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    - nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (til dømes kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
    - svært alvorleg fedme (BMI) over 40
    - annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
    (barn under 12 år må ta vaksinen hjå fastlege)

Personar som er i risikogruppe får influensavaksine i kommunal regi eller hos fastlege. Grupper utan risiko må foreløpig gå til private aktørar for å få influensavaksinen. Dei som er i risikogruppe og under 65 år må kunne visa dokumentasjon på at dei er i risikogruppe når dei kjem til Sotra Arena, Rong eller Skogsvåg. Da influensavaksina ikkje inngår i barnevaksinasjonsprogrammet, krevjast det samtykke frå begge foreldre/føresette for barn under 16 år. 

I tillegg vert følgjande rådd til å ta vaksinen:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt.
  • Personar som bur sammen med immunsupprimerte pasientar.
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser.

Kvar kan du ta vaksinen?

Fastlegekontora tilbyr vaksinasjon mot vanleg sesonginfluensa til alle i risikogruppene. Kontakt fastlegekontoret for avtale om time for vaksinasjon.

Helsestasjonen Skogsskiftet

  • tysdag 26. oktober kl. 09.00-15.00
  • onsdag 27. oktober kl. 09.00-15.00

Sotra Arena

  • fredag 22. oktober kl. 09.00-15.00
  • tysdag 9. november kl. 15.00-21.00

Øygarden legekontor, Rong

  • tysdag 26. okotber kl. 09.00-19.00
  • onsdag 27. oktober kl. 09.00-19.00

Ver merksam på at det må gå minst ei veke mellom koronavaksinasjon og vanleg vaksinasjon mot sesonginfluensa.

Pris

Eigendel for å ta vaksine hos fastlegen og ved drop-in er kr. 50,-.

Du kan lesa meir om influensavaksina på nettsida til FHI