Influensavaksine til barn og unge

Dei fleste barn og unge blir ikkje alvorleg sjuke av influensa, men nokre barn og unge er i risikogruppe for alvorleg sjukdom og vert difor tilrådd sesonginfluensavaksine. Influensavaksine til barn og unge er tilgjengeleg frå 18. oktober.

Ill. Ferdig vaksinert barn - Klikk for stort bilete

Om lag 10 prosent av barn i Noreg vert tilrådd influensavaksine fordi dei har ein grunnsjukdom som gir auka risiko for alvorlege komplikasjonar ved influensa. Kvart år vert om lag 500 barn i Noreg så sjuke av influensa at dei treng behandling på sjukehus. Ein uforholdsmessig høg del av desse høyrer til i risikogruppa. 

Barn i risikogrupper vert difor tilrådd å ta influensavaksine frå dei er seks månader gamle då vaksine er det tiltaket som førebyggjer influensa og følgjene av sjukdommen best.   

Kven er i risikogruppa av barn og unge? 

  • Kronisk lungesjuke (inkludert astma)
  • Hjartesjuke
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade (til dømes epilepsi)
  • Nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling (til dømes organtransplanterte, kreft)
  • Lever- eller nyresvikt
  • Diabetes (særskilt om blodsukker er vanskeleg å regulera)  
  • Svært alvorleg fedme
  • Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (til dømes barn med medfødde kromosomavvik, genetiske sjukdom og samansett kromosomavvik)
  • Premature barn (risiko er høgst dersom fødd før veke 32 i svangerskapet) vert tilrådd årleg influensavaksine frå dei er 6 månader (frå fødsel) og opp til 5 år 

I tillegg til desse gruppene vert det tilrådd vaksine til dei som bur saman med – eller er tilsvarande nære – immunsupprimerte barn. 

Kvar kan barnet mitt få vaksine?

  • Fastlegen: Vaksinen kostar 100 kroner, i tillegg kjem det ein kostnad for å få sett vaksine. Legekontoret fastset pris.  
  • Helsestasjonen:  Her vert vaksinen gratis. Merk at det ikkje vil vere høve til å diskutera med helsepersonell på helsestasjonen om barnet ditt er i risikogruppa eller ikkje. Er du usikker på om barnet ditt bør vaksinerast, ta kontakt med fastlegen for avklaring og samtale kring dette før du eventuelt kjem til helsestasjonen for å få vaksinen. 

Kva tid kan barnet mitt få vaksine?

Vaksinen vil vera tilgjengeleg frå 18.10.23 både på helsestasjonar og hos fastlegar. 

Vaksinetypar

Det er to typar influensavaksine som er godkjende for barn.

  • Levande svekt nesesprayvaksine (ikkje «stikkevaksine»), godkjend for aldersgruppa 2-17 år. Denne bør ikkje nyttast til barn med alvorleg astma, aktiv pustevanske, immunsvikt (eller dersom barnet er i nær kontakt med nokon som har sterkt svekt immunforsvar), eller open nase-gane-spalte. Denne vaksinen inneheld gelatin frå svin. 
  • Inaktivert injeksjonsvaksine («stikkevaksine»), godkjend ved alder på 6 månader og oppover.

Ingen av vaksinane skal gjevast ved kjend allergi mot innhaldet i influensavaksinen. 

Dosar

For barn i alderen 6 månader til 9 år som ikkje er vaksinerte mot influensa tidlegare, eller aldri har fått påvist influensasjukdom, er det tilrådd 2 dosar influensavaksine med eit intervall på minimum 4 veker mellom dosane, uavhengig av vaksinetype. Barn eldre enn 9 år treng berre èin dose. 
Etter at vaksinen er sett må ein sitja til observasjon i minimum 20 minutt. 

Biverknader

Injeksjonsvaksine mot influensa kan gje ømheit, rødme og hevelse på innstikkstaden, samt feber, lett sjukdomskjensle og muskelsmerter. 

Nasesprayvaksine til barn kan gje tett eller rennande nase, samt i nokre tilfelle hovudverk, lett sjukdomskjensle, feber eller muskelsmerter. 

Ingen av vaksinane kan gje influensasjukdom.  

Allergiske reaksjonar eller andre alvorlege biverknader skjer sjeldan. 

Samtykkeskjema

Influensavaksinen er ei vaksine som er utanfor barnevaksinasjonsprogrammet, dei som ikkje har fylt 16 år, må difor ha samtykke frå begge føresette før ein kan setja vaksinen. Ha med ferdig utfylt skjema når barnet ditt skal få vaksine. Skjema finn du her

Meir informasjon

Ønskjer de meir informasjon sjå på nettsidene til FHI, eller på sidene til helsenorge.
 


Illustrasjonfoto: Mostphotos