Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Ergoterapi for vaksne og eldre

Dersom du har som har vanskar med å utføre daglege gjeremål kan få undersøking og vurdering av ergoterapeut i kommunen. Vi treffer deg i våre lokale på Rong, Skogsskiftet eller Straume terapisenter. Vi kjem på heimebesøk ved behov. Målet er at du skal verta mest mogeleg sjølvstendig i kvardagen din.

Kven kan få tilbodet?

Vaksne og eldre over 18 år som har vanskar med å utføre sine daglege gjeremål kan få hjelp av ergoterapeut.

Kva kan du få hjelp til?

  • Kartlegging av funksjon og ressursar
  • Trening i aktiviteter i dagliglivet (ADL)
  • Formidling av tekniske hjelpemiddel for dagliglivet
  • Tilpassing og tilrettelegging av aktiviteter
  • Rådgjeving og tilrettelegging av bustad
  • Vurdering og trening av handmotorikk.
  • Rådgjeving/rettleiing til samarbeidspartnarar og pårørande
  • Fallforebygging i samarbeid med fysioterapeutane

Ergoterapi er eit lågterskeltilbod. Dette inneber at du treng ikkje tilvising frå lege, men kan søkje sjølv.

Slik søkjer du

Søk om ergoterapi (PDF, 172 kB)

Send skjema til:
Øygarden kommune - Helse, meistring og rehabilitering
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Pris

Ergoterapi er gratis.

Kva skjer vidare?

Du får ein telefon for timeavtale eller ei innkalling per post når ergoterapeuten har ledig time til deg. Det kan vera ventetid før du får hjelp frå ein ergoterapeut.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00