Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Ergoterapi for barn og unge

Barn og unge som har vanskar med å utføre daglege gjeremål kan få undersøking og vurdering av barneergoterapeut i kommunen. Vi treffer barnet i våre lokale på Rong, Skogsskiftet eller Straume terapisenter. Vi gjer og vurderingar på helsestasjonane, i barnehagane, skulane og på heimebesøk.

Kven kan få tilbodet?

Barn og unge under 18 år som har ulike utfordringar med å utføre aktivitetar kan få hjelp. Årsak til aktivitetsvanskar kan vera sjukdom, skade eller lyte som er medfødt eller ervervet.

Døme på årsakar til behov kan vera:

  • Kognitive vanskar
  • Bevegelsesvanskar
  • Sansetap
  • Psykiske eller psykososiale vanskar
  • Akutt sjukdom.

Ergoterapi tar utgangspunkt i den det gjeld sine ønskjer og behov. Ergoterapeuten kan bidra i rådgjeving og tilrettelegging for deltaking, aktivitet og leik. Målet er at barnet eller ungdommen skal kunne delta i kvardagslivet på eigne premiss.

Mange av barna vi møter har samansette vanskar med behov for tverrfagleg oppfølging. Ergoterapeutene samarbeider med fysioterapeutene og PP teneste om vurdering, formidling og tilpassing av nødvendige hjelpemiddel.

Kva kan du få hjelp til?

  • Kartlegging av funksjon og ressursar
  • Trening i aktiviteter i dagliglivet (ADL)
  • Tilpassing og tilrettelegging av aktivitetar
  • Rådgjeving og tilrettelegging av omgjevnader, som bustad, barnehage og skule
  • Vurdering og trening av handmotorikk.
  • Rådgjeving/rettleiing til samarbeidspartnarar og pårørande
  • Formidling av tekniske hjelpemiddel for dagliglivet

Slik søkjer du

Ergoterapi er eit lågterskeltilbod. Dette inneber at du ikkje treng tilvising frå lege, men kan søkje sjølv.

Søk om ergoterapi (PDF, 172 kB)

Send skjema til:
Øygarden kommune - Helse, meistring og rehabilitering
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Pris

Ergoterapi er gratis.

Kva skjer vidare?

Du får enten ein telefon for å avtala time eller ei innkalling i posten om når ergoterapeuten har ledig tid til deg.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00