Eigentrening i basseng

Innbyggjarar og tilsette i Øygarden kommune med helsegevinst av å trene i varmtvatn kan nytte bassenget gratis ein gong i veka i tida mellom 15 og 16 på kvardagar.

Målgruppe

For å nytta dette tilbodet må du ha ein helsegevinst av å vere i terapibasseng og ha med skriv frå lege/behandlar (vert oppbevart i 2 år).

Kva forpliktar du deg til?

Du forpliktar deg til å delta på trening. Dersom du ikkje kan komme, avbestill snarast. Det er fleire som ønsker tilbodet!

Pris

Tilbodet er gratis.

Praktiske opplysningar

  • Personleg hygiene, dusj utan badetøy før du går i vatnet
  • Påbod med badehette
  • Du kan nytte badstova/sauna

Påmelding

Plass kan du bestilla i resepsjon telefon: 55 09 68 50
E-post: terapibassengstraume@oygarden.kommune.no
Ikkje bruk e-post til sensitive opplysningar.